Hopp til innhold

Den norske spelbransjen er i vekst

Gjennom dei siste åra har spelbransjen vore i kraftig vekst. No finst det over 140 spelselskap i Noreg, og mange av dei siktar ut av landet.

Frå det norske spelet Klang

KJEM TIL HAUSTEN: Biletet visar ein av figurane i «Klang», eit av dei nye norske spela som vert lansert hausten 2016. Spelbransjen er i vekst, og i dag finst det over 140 spelselskap i Noreg.

Foto: Tinimations

– Eg vil sei at vi er 99.5 prosent ferdig med spelet, seier Tom-Iver Arntzen i enkeltpersonføretaket Tinimations.

Han er like rundt hjørnet frå å lansere sitt fyrste spel «Klang».

Ifølgje Linn Søvig i Snow Cannon, den fyrste spelutgjevaren i Noreg, finst det over 140 selskap som jobbar med spelutvikling her i landet. Rundt 50 av desse er enkeltpersonføretak som Tinimations.

Går saman i spelkollektiv

– Eg prøvde å leve guterom-draumen, men innsåg ganske fort at eg berre haldt meg sjølv tilbake, seier Arntzen.

Han bestemde seg for å bli med i eit spelkollektiv i Hamar, der han arbeidar saman med andre spelutviklarar.

– Ein ting var at arbeidsdagen passerte utan at eg snakka med nokon, men når ein arbeidar heilt aleine ser ein seg også fort blind på ting. Det kan vere ei ulempe når du lagar eit produkt som skal underhalde andre, seier Arntzen.

Treng hjelp til å nå ut

Ifølgje Søvig er det ikkje ein mangel på spelutviklarar i Noreg, men det er behov for ein infrastruktur som gjer at desse lettare kan nå ut til resten av verda.

– Det er mange gode produkt som blir laga her i Noreg, men dei fleste spelselskapa er så små at dei har ikkje råd til å tilsette nokon til å jobbe fulltid med marknadsføring og sal, seier Søvig.

Spelutviklar Arntzen er einig i at det kan vere bra å få hjelp i prosessen.

– Over tid innser du at produksjonen av spelet berre er ein av tre delar. I tillegg kjem marknadsføring og administrasjon. Då eg starta hadde eg eigentleg berre 50 prosent av ekspertisen eg trong, seier Arntzen.

Statleg draghjelp

Billigare og betre programvare, samt app-butikkar og andre digitale plattformer, er blant årsakene til den norske spelveksten.

Blant suksessane finn ein mellom anna spelet «Fun Run», som er lasta ned til over 50 millionar telefonar. Spelet «Teslagrad» er lansert for både Xbox One og PlayStation 4.

I år lanserte Kulturdepartementet, Innovasjon Norge og Norsk filminstitutt pilotprosjektet «Spel ut i verda», eit eksportprogram som skal hjelpe med utfordringane knytt til å nå ut internasjonalt.

«Klang» er eit av dei norske spela som har fått internasjonal omtale. Ein tidleg versjon av spelet er plukka ut til framsyningar, mellom anna på den amerikanske festivalen South By South West.

Målet til Arntzen er i fyrste omgang å få råd til å tilsetje ein medarbeidar.

– Eg vil gjerne hyre inn ekspertise til dei felta eg ikkje har lyst til å jobbe med, som koding. Det er ikkje gøy i det heile tatt, seier Arntzen.

Kulturstrøm