Hopp til innhold

Den mystiske søvnen

Nokon sovnar på jobben, andre er valdelege i søvne, og nokon har sex utan å vere vakne.

Hodepine
Foto: Scanpix / SCANPIX

Kvar tiande nordmann, eller over 400.000, har alvorlege søvnproblem. Plagene er mange og varierte, med namn som insomni, hypersomni og parasomni. Medan nokon nøyer seg med å gå i søvne, er andre langt meir aktive om natta. Reporter Gøril Grov Sørdal har møtt leiar ved Nasjonalt kompetansesenter for søvnsjukdomar i Bergen, professor Bjørn Bjorvatn. Han kan fortelje om dei underlegaste former for søvnproblem, og konsekvensane av desse.

Sex i søvne og hypersomni

Sexy nynorskundervisning skaper trøbbel
Foto: Scanpix

Kvar tiande nordmann har alvorlege søvnproblem, og plagene er mange og varierte. Nokon har insomni og får ikkje sove, andre har hypersomni og treng meir enn 12 timar søvn i døgnet. Andre kan vere valdelege og ha sex utan å vere vakne. Professor Bjørn Bjorvatn ved nasjonalt kompetansesenter for søvn i Bergen seier mange ikkje veit dei kan få hjelp mot plagene. Det finst medikament som kan kontrollere søvnplagene, og for dei med søvnproblem finst alt frå snorkeoperasjonar til lysbehandling.

Høyr: Sex i søvne og hypersomni

Viktigare å sove djupt enn lenge

Sove
Foto: Getty Images

Å sove middag når ein er trøytt kan gjere vondt verre. Det er nemleg ikkje like viktig å sove mykje som å sove djupt. Jo lenger ein er vaken, jo meir får ein av den gode, djupe søvnen, og det er denne søvnen som gjer ein utkvilt. Ein middagskvil midt på dagen tek vekk noko av søvntrykket ein treng for å sove djupt om natta, så sjølv om det er fristande å strekkje seg ut på sofaen etter jobb, så bør du kanskje late vere.

Høyr: Viktigare å sove djupt enn lenge

Døgnrytmen din styrer livet ditt

Medan eit A-menneske er den fyrste som går frå festen om kvelden, er eit B-menneske den siste som kjem på jobben om morgonen. Mange tenåringar slit med skulegangen fordi dei er vakne på feil tid av døgnet. Og ikkje nok med det, kroppen vår er ikkje innstilt etter kor lang tid jorda brukar på å snurre rundt sin eigen akse, døgnet i hjernen vår er 25 timar langt. Uansett kor mykje me kjempar imot, døgnrytmen er sjefen.

Høyr: Døgnrytmen din styrer livet ditt

Søvnmangel kostar liv

Tsjernobyl-ulykken
Foto: Scanpix

Tsjernobylulukka og grunnstøytinga av oljetankaren Exxon Valdez har ein ting til felles, begge katastrofene skjedde nattestid. Granskingane i ettertid konkluderte med at søvnmangel gjorde omfanget av ulukkene større. 100 000 nordmenn innrømmer at dei har sovna bak rattet. Og det er dei som har overlevd.

Reaksjonsevna er ikkje den same når ein er trøytt, og særleg utsett er ein i 4-5-tida på morgonen. Då når døgnrytmen vår eit botnpunkt kalla Nadir, og me er på vårt søvnigaste. Kanskje noko å tenke på neste gang du skal ta nattbussen?

Høyr: Søvnmangel kostar liv

Bok om insomni

Bjørn Bjorvatn
Foto: Privat

I mai kjem Bjorvatn ut med ei bok retta mot nordmenn som slit med insomni. Desse pasientane slit med å sove, og utgjer den størte pasientgruppa. Professoren seier både helsepersonell og folk flest veit for lite om søvnplager, og at mange som brukar sovemedisin kan få anna og betre behandling.

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober