Hopp til innhold

Den første norske Twitter-brukaren

I dag er det fem år sidan den første tweeten vart sendt ut i cyberspace. Elisabeth Irgens Cásen Pihl var den første nordmannen som logga seg på Twitter, i ein alder av 17 år.

Elisabeth Iskrem

Elisabeth Irgens Cásen Pihl er Noregs første Twitter-brukar. Ho logga seg på i 2006, då ho var 17 år.

Foto: Privat/faksimile: twitter.com / Montasje

Grunnleggjaren av Twitter, Jack Dorsey, aka @jack, sendte ut verdas første tweet måndag 21. mars 2006:

«Inviting coworkers» var alt det stod i den kryptiske meldinga. Twitter var eit faktum.

Eit halvt år seinare logga @elisabethicp seg på mikrobloggingstenesta som første norske brukar. Ho var då 17 år.

– Hadde ein følelse

– Eg hadde ei veninne i Singapore som fortalde meg om denne nye nettstaden, så eg lagde ein konto og byrja å tvitre. Først og fremst for å publisere blogginnlegga mine, seier Elisabeth Irgens Cásen Pihl til NRK.no.

Hennar første tweet vart sendt ut 30. august 2006.

– Visste du då at du var den første norske Twitter-brukaren?

– Eg hadde ein følelse som sa det, for eg lette etter norske profilar, men fant ingen. Eg var sikker på at folk ville kome etter om nokon år, det var berre eit tidsspørsmål. Facebook var jo allereie blitt populært, seier Pihl.

Tvitra på engelsk

– Eg har vel tenkt at eg kanskje var den første nordmannen på Twitter, men visste det ikkje sikkert før no. Men det er ikkje noko eg går rundt og skryt av, seier ho.

Høyr henne i Kulturnytt:

Ho hugsar ikkje kva hennar første tweet var, men trur den var på engelsk.

– Eg skreiv på engelsk lenge, for eg kjende jo ingen norske på Twitter, fortel bloggaren.

TWITTER/

Biz Stone var ein av dei som starta Twitter i 2006. Det tok tre år å nå éin milliard tweets. I dag tar det Twitter-brukarane ei knapp veke å publisere det same.

Foto: LEE JAE-WON / Reuters

«General computer geek»

@asgeirn, som var nordmann nummer to på Twitter, kjenner seg igjen i skildringa.

– Då det kom fleire nordmenn inn på Twitter vart det i mykje større grad interessant å bruke. I byrjinga var det det ein kallar «first-movers», veldig teknologi-interesserte menneske, som var med, seier Asgeir S. Nilsen, som skildrar seg sjølv som «general computer geek» på Twitter-profilen sin.

Han logga seg inn på Twitter første gong 3. september 2006, ifølgje oversikta Senior Twitizens .

– Eg trur det tok fleire månader før min neste tweet. Det var for tidlig, det var ingen eg kjente som var på Twitter, fortel Nilsen om den tidlige Twitter-alderen.

180.000 nordmenn kvitrar

Den norske nettstaden tvitre.no har registrert drøye 180.000 norske tvitrarar. Ifølgje deira statistikk har den gjennomsnittlege norske twitterbrukar 77.8 følgjarar og har sendt 220 meldingar.

– Twitter er framleis eit relativt lite sosialt medium i Norge. Undersøkingar frå Interbuss TNS Gallup viser at cirka sju prosent av nordmenn er innom Twitter kvar veke, seier høgskulelektor Ragnhild K. Olsen, fagansvarleg for det nye masterprogrammet i sosiale medier som startar ved BI til hausten.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ikkje masseappell

Ragnhild K. Olsen

Ragnhild K. Olsen er høgskulelektor ved BI. Ho trur ikkje at Twitter har masseappell.

Foto: BI

Olsen trur at Twitter, slik det er no, har stor verdi for nokon relativt få dedikerte brukarar, men ikkje masseappell.

– Eg trur det må utviklast nye funksjonalitetar opp mot andre tenester for å få større gjennomslag. Her er særleg utviklinga innanfor lokasjonsbaserte tenester skreddarsydd for mobilt mediebruk interessant å følgje, både for Twitter og andre sosiale medier, seier Olsen, aka @ragnhildo, som feira sin 1000. dag på Twitter i januar i år.

Hatar treningstweets

Noregs første Twitter-brukar har lukka Twitter-konto med cirka 700 følgjarar. Ho meiner sjølv den er «kjedeleg».

– Eg klagar berre. Neida, eg brukar den til å skaffe lesarar til bloggen også, seier Pihl, som meiner det var lettare å navigere på Twitter før.

– I starten posta folk små tankar, nesten dikt-liknande. No er det så mykje møl der. Ein må vere nøye med kven ein følgjer, seier forfattaren som driv bloggen Sammensurium.

Ho hatar det ho kallar treningstweets.

– Eg forstår ikkje kvifor folk har denne desperate trangen til å fortelle at dei har trent, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

CHINA-POLITICS-CONGRESS-NPC-INTERNET

Twitter har i dag 400 tilsette, mot åtte i 2006.

Foto: GOH CHAI HIN / Afp

– Ein menneskeleg triumf

Twitter har dei siste åra vore ein viktig kommunikasjonskanal i land der det er utbreidd sensur, under demonstrasjonar og naturkatastrofar. Ein gjennomsnittsdag i 2011 blir det sendt ut cirka 140 millionar tweets.

– Alt som hendte rundt om i verda, som Twitter fant vegen inn i, var ein augeopnar for potensialet til Twitter, seier Biz Stone, ein av grunnleggjarane av Twitter, til nyheitsbyrået AFP.

– Eg sa tidleg til våre tilsette at dersom Twitter skulle bli ein triumf, kom det ikkje nødvendigvis til å bli ein teknologisk triumf, men ein menneskeleg triumf, seier Stone til AFP.

Twitter har også blitt tatt i bruk til pressekonferansar, intervju, stunts og historieskriving, mellom anna. Tim Burton skreiv ein grøssar ved hjelp av Twitter-fans, og Bjørn Eidsvåg har halde pressekonferanse på Twitter.

Kva var din første tweet? Kva hugsar du best frå Twitters fem år lange liv? Diskuter i kommentarfeltet!

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.