Den beste julepølsa i 2006

I årets kanskje viktigste julepølsetest var det Leiv Vidar som stakk av med den store pølsetesten i Nitimen.

Hans-Petter Jacobsen
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Det er pølseskinn overalt, redaksjon er stappmett allereie klokka 10.00 om morgonen, men det er ikkje viktig, det viktige er at kåringa av årets julepølse er gjort, og festen kan begynne hos Leiv Vidar.

Etter finpussing på stemmene til redaksjonen er det sikkert, vinnaren er kåra.

Erik Baanerud
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

 

Juryformann Karin Wetlesen tek med seg dei riktige tala, ho går bestemt inn i studio til programleiar Hans-Petter Jacobsen og les av tala.

-  På ein førsteplass har vi Leiv Vidar, andreplassen går til Spis og på ein tredjeplass er det Gilde som får.

Dei andre pølsene som var med i kåringa var Finsbråten, Nordfjord kjøtt og Skjeggerød .

Pølsesmak i munnen

Det var redaksjonen sjølv som smakte på pølsene og avga sin dom.

Karin Wetlesen, Hanne Hoftun, Erik Baanerud, Øystein Saxvik, Vidar Lønn-Arnesen, Rune Alstedt og Birte Njøsen Horne fekk kvar si stemme i denne testen.

 For programleiar Hans Petter Jacobsen var reglane litt annleis, for han hadde nemleg dobbelstemme. Det er av den enkle grunn at han er litt meir rutinert på dette med å ete pølser enn dei andre i redaksjonen.

- Eg fekk jo ikkje inn mine, endå eg hadde dobbelstemme, men no blei eg heilt overkjørt, men eg får ta det som ein mann, fortel Hans-Petter med eit smil. 

Har redaksjonen heilt rett? Eller er dei på villspor? Si di meining på  pølsediskusjonen

Julepølse
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Kulturstrøm