Arne forstår ikkje heilt kvifor han drakk, for han hadde alltid vore ein person med godt humør. - Men eg hadde vel i meg denne ibuande blygselen for "det annet kjønn", fortel Arne. Då blei det fort ein dram for å få draget på damene. - Kvar dag vart ein fest, og vi hadde eit påskot til å drikke kvar kveld, fortel han.
Arne fortel at han var ein slubbert når det gjaldt seg sjølv. Han gjekk på AA-møter, men var lite motivert. Til slutt ville han gjere noko sjølv, og gir mykje takk til den standhaftige kona si, som fekk han inn på ein klinikk.
Etter å ha vore edru i mange år fann Arne ut noko som vart ein tankevekkar: -Eg trudde eg var midtpunktet på festar, men det gjekk opp for meg at folk lo av meg fordi eg var dreit meg ut. Det er sårt å tenkje på, avsluttar Arne.
I tillegg til å møte den tørrlagde alkoholikaren Arne, stiller Vetle-Ivar opp med Faktaboks i denne utgåva av Radio Røynda. Og om heller ikkje den inneheld alt du treng vita, kan du klikka deg inn på nettsida til Anonyme Alkoholikere via linken vår.
Radio Røynda vert laga av Finn Tokvam og faktaboks-ansvarleg var Vetle-Ivar.
Tilrettelagt for web av Per Kristian Johansen.