Hopp til innhold

Den andre mannen i meg

- Lyrikaren Olav H. Hauge opplevde fleire mørke netter enn det dei fleste av oss har kjent på, seier skodespelar Henrik Mestad. Han står bak det kritikarroste høyrespelet som er bygd på dagbøkene til forfattaren.

Den andre mannen i meg
Foto: Elise Erdal / NRK

Høyrespelet fekk terningkast 6 i Aftenposten.


Då Hauge døydde blei det kjent at han hadde skrive dagbok sidan femtenårsalderen og ut livet. Dette utgjer til saman ein periode på over 70 år. Manusforfattar og dramatikar Mestad har i arbeidet med dette stykket gått gjennom dei over 4000 dagbokssidene som no er blitt til eit høyrespel på førti minutt som har premiere i Radioteatret søndag.

To verder

Eg har vore galen, og prøvar å verta normal. Andre ser eg, er normale, men prøvar å verta galne. Det skriv Hauge i ein av dagbøkene.

Nedteikningane skildrar korleis Hauge levde i to verder, på den eine sida den konkrete fysiske verda, og på den andre sida ei indre tankeverd som berre han sjølv tok del i. Denne indre verda kunne stundom bli for dominerande, og Hauge var i lange periodar innlagt på psykiatrisk klinikk.

Bøkene avdekker eit liv med djupe indre konfliktar kombinert med eit poetisk blikk for det kvardagslege og nære

Den andre mannen i meg

Lyddesigner Arne Barca, skodespelar Henrik Mestad og regissør Steinar Berthelsen i radiostudio under arbeidet med Den andre mannen i meg.

Foto: NRK


Nærbilete
«Den andre mannen i meg» er ein omarbeidd versjon av sceneoppsetjinga «Ein tanke slo meg her om dagen». Overgongen frå scene til radio var derimot ikkje heilt uproblematisk for Mestad.

- Det var mykje vanskelegare enn eg hadde trudd, og heilt annleis enn å jobbe med teksten på ein scene, forklarer han.

Han brukte dei to første dagane i studio på å finne rett metode for å formidle teksten.

- Kontakten i radioen er heilt annleis. Det som fungerte på scenen, fungerte ikkje på radioen. Lyttaren kjem heilt innpå, og det blir skapt eit nærbilete med liten distanse. Difor må ein ha ei anna tilnærming til teksten enn det ein har ved ei sceneframsyning, utdjupar Mestad.

Høyr stykket i nettradio:

Høyr heile høyrespelet her.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober