Den 60. Berlinalen opnar

Berlin Internasjonale Filmfestival opnar for 60. gong i dag. Den norske filmen «En ganske snill mann» kan vinne hovudprisen.

Berlinalen 2010
Foto: Franka Bruns / Scanpix/AP

Berlin Internasjonale Filmfestival, Berlinalen, var eit barn av den kalde krigen då han starta i 1951. Festivalen fungerte som eit propagandaverkty for dei allierte, og var ei politisk slagmark som rakk langt utanfor kinosalane. Sidan 1978 har festivalen vorte arrangert kvart år, og er no ein av dei mest prestisjefylte festivalen for filmbransjen.

I dag opnar altså filmfestivalen i Berlin for 60. gong. Juryen på sju fagersonar avgjer kven som kan reise heim med den gjevaste prisen, Gullbjørnen for beste film, i jubileumsåret 2010.

Berlinale jury 2010

Nuruddin Farah, Cornelia Froboess, Renee Zellweger, Werner Herzog (juryleiar), Francesca Comencini, Yu Nan og Jose Maria Morales utgjer årets jury.

Foto: Axel Schmidt / Scanpix/AFP

I tillegg deler juryen ut åtte Sølvbjørnar og Alfred Bauer-prisen. Juryen heldt i føremiddag ein pressekonferanse i samband med opninga av festivalen .

Regissør Werner Herzog er juryleiar i år. Resten av medlemmane i juryen er den italienske regissøren Francesca Comencini, den somaliske forfattaren Nuruddin Farah, den tyske skodespelaren Cornelia Froboess, den spanske produsenten José Maria Morales, den kinesiske skodespelaren Yu Nan and den Oscar-vinnande amerikanske skodespelaren Renée Zellweger.

Kan verte norsk Gullbjørn

I år er Hans Petter Moland plukka ut til å delta i hovudprogrammet under festivalen, og kan dermed stikke av med Gullbjørnen for filmen En ganske snill mann. Komedien har verdspremiere den prestisjetunge festivalen.

SJÅ ÒG: Moland-film til Berlin

Video nsps_upload_2010_2_10_22_35_51_1636.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Hans Petter Moland og Stellan Skarsgård gav i går det norske publikummet ein smugtitt på En ganske snill mann.

Moland deltok i konkurransen med filmen The Beautiful Country for seks år sidan. Likevel er han nervøs for å vise filmen til 1600 kresne tilskodarar på måndag.

Shooting Star

Berlinalen presenterer også ti unge og lovande europeiske skodespelarar under festivalen. I år er norsk Anders Baasmo Christiansen plukka ut som Shooting Star, som den einaste frå Norden.

Tidlegare har Nicolai Cleve Broch, Ane Dahl Torp, Trond Espen Seim, Aksel Hennie, Maria Bonnevie, Kristoffer Joner, Gørild Mauseth og Anneke von der Lippe representert Noreg som Shooting Star under Berlin Internasjonale Filmfestival.

Kulturstrøm

  • Mollestad vant Åpen klasse

    Hedvig Mollestad vant Spellemannprisen 2020 ikategorien Åpen klasse fredag kveld for plata «Ekhidna». Verket ble skrevet på bestilling til Vossajazz i 2019.

    Spellemannsprisen 2020: Hedvig Mollestad Åpen klasse
    Foto: NRK
  • Girl in Red: Årets internasjonale

    Vinner av kategorien «Årets internasjonale suksess» er Girl In Red. Prisen ble annonsert av utenriksminister Ine Eriksen Søreide.

    Årets internasjonale suksess: Girl in Red
    Foto: NRK
  • Årets musikkvideo til B-Boy Myhre

    B-Boy Myhre og Håkon Hoffart vant prisen for årets musikkvideo under utdelingen av Spellemannprisen 2020. På låta «Gammel person» har de med seg sin gode venn Cezinando.

    Årets musikkvideo - B-Boy Myhre og Håkon Hoffart - Spellemannsprisen 2020
    Foto: NRK