Hopp til innhold

Jagland og Poipoi, dei nye etternamna

Ekteparet Poipoi og familien Hjertefølger er trendy. Dei har dikta opp sine eigne etternamn. Men Jagland- og Stålsett-familien, dei laga nye etternamn alt på 50-talet.

Hr. Poipoi jobbar ved Huldra frisør i Bergen.

Mange byter etternamn når dei giftar seg, men ikkje alle diktar dei opp sjølv, slik Ove Tolgensbakk gjorde. Han blei Ove Loke Poipoi då han gifta seg.

Foto: Marit Stensby / NRK

Ekteparet Poipoi

Karianne Åmot og Ove Tolgensbakk ville ha eit felles namn då dei gifta seg. No er dei herr og fru Poipoi.

Foto: Privat
Benjamin og Ingrid Marie Hjertefølger

Ingrid Marie Eilertsen og Benjamin Nilsen-Nygaard ville ha eit etternamn som sa noko om kva dei står for.

Foto: Privat

– Pappa sa: Dette er det dummaste du har gjort! flirer Ove. Men sjølv har han ikkje angra ein dag på sitt nye etternamn.

– Då eg og madammen skulle gifte oss valde me å kalle oss Poipoi, fortel frisøren frå Bergen.

Paret ville gjerne ha eit felles namn utan at den eine måtte ta den andre sitt etternamn. Løysinga blei å skape eit heilt nytt eit. Og namnet dukka opp ein kveld dei sat og såg film.

– Det var eitt eller anna i filmen me ikkje klarte å hugse namnet på, og så dukka Poipoi opp ut av det blå. Me tykte det var eit artig namn, så me valde å satse på det, seier han.

Det høyrer med til historia at både han og madammen i same slengen tok seg nye mellomnamn, så i dag heiter dei Ove Loke og Karianne Ravna Poipoi.

Fann namnet i hjartet

– Me er jo Hjertefølgere. Vår livsfilosofi er å gjere det me har lyst til, å følge draumen, å leve den ut, fortel Ingrid Marie Hjertefølger.

Ho og ektemannen Benjamin skifta etternamn i jula for snart tre år sidan. Kvifor?

– Me hadde eit behov for å vise offentleg kva me står for i livet.

At familien på fem går den vegen hjartet stakar ut for dei, viser òg att i draumehuset dei bygger i Salten i Nordland. Det skal bli eit miljøhus inni eit drivhus.

Dei tre borna deira heiter Julia Hjertefølger, Gabriel Hjertefølger og Aron Hjertefølger.

Mamma Ingrid Marie fortel at dei kun får positive reaksjonar på etternamnet:

– Til og med då eg ein gong ringte NAV vart dama i andre enden ifrå seg av begeistring over etternamnet mitt. Det var det vakraste ho hadde høyrt i sitt liv!

Etternamnet: ei ny oppfinning

Tidlegare var fornamnet gjerne det viktigaste namnet, og fram til seint på 1800-talet veksla ein ofte mellom fleire etternamn. Ein tok namn etter garden ein budde på, eller etter kva pappa heitte. Og flytta ein på seg, så tok ein gjerne namn etter den nye garden.

Det var fyrst med namnelova av 1923 at nordmenn blei pålagt å ta seg faste etternamn.

Overklassen, som gjerne heldt til i byane, starta med arvelege etternamn alt på 1600-talet. Men det var fyrst med namnelova at Gudbrand i Lia blei Gudbrand Lie, og det var no ein kalla seg Olsen sjølv om pappa ikkje heitte Ole.

Sirkka blei Stålsett, Johansen blei Jagland

Å lage seg nye etternamn er i vinden, men dei unge para Poipoi og Hjertefølger har ikkje funne opp hjulet på nytt.

To kjende medlemmer av Den Norske Nobelkomite, som i dag deler ut Nobels fredspris, kjem begge frå familiar med nye etternamn.

Gunnar Stålsett blei fødd som Gunnar Sirkka, eit etternamn som stammar frå landsbygda i Nord-Finland. Fornorskingspresset fekk den kvenske familien til å skifte etternamn på 50-talet.

Kronprinsesse Mette-Marit var med på feiringen av Gunnar Stålsetts 75-årsdag.

Gunnar Stålsett bar det kvenske etternamnet Sirkka då han blei fødd. Vår kronprinsesse har òg lagt frå seg eit etternamn. Som medlem av kongefamilien heiter ho no Mette-Marit av Norge.

Foto: NRK

Namnet Stålsett var eitt av forslaga i boka «2000 nye slektsnavn» av Astrid Moss, som kom ut i 1947. Boka skulle hjelpe folk å finne namn som likna på tradisjonelle gardsnamn. I denne boka stod òg namneforslaget Jagland:

Alt på den tida var det populært å byte ut -sen-namn, såkalla patronym, som Hansen og Olsen. Ein familie som gjorde dette var familien Johansen, som flytta til Lier i 50-åra. Dei tok valde seg Jagland, og guten Thorbjørn, fødd Johansen, var ein av dei som fekk seg nytt etternamn:

Denne trenden held seg framleis, og tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at stadig fleire byter ut etternamn som endar med -sen.

Larsen og Jensen blei Olderbakk

Mamma Ingrid Langeland Jensen bytte etternamn då Andreas blei fødd.

Då Jensen fekk sitt fyrste barn med Larsen la dei vekk -sen-namna sine.

Foto: Privat
Knut Hamsun ca 1890

På hans fyrste bok i 1877 stod det ikkje Knut Hamsun, men Kn. Pedersen.

Foto: SCANPIX

Då Ingrid Langeland Jensen og Odd Arne Olderbakk Larsen gifta seg i 2006 beheldt begge kvar sine etternamn. Men då vesle Andreas kom til verda i 2007 kom utfordringa:

– Skulle Andreas få etternamnet Larsen eller Jensen? fortel mamma Ingrid, kjend som programleiar i Ut i naturen på NRK.

– Me spøkte med Larsen-Jensen og Jensen-Larsen. Sjølv om desse kombinasjonane aldri var aktuelle, så ville me gjerne at familien skulle ha eit felles etternamn.

Ingrid og Odd Arne valde å stryke sine siste etternamn, og heiter no Odd Arne Olderbakk og Ingrid Langeland Olderbakk. Borna deira heiter Andreas og Malene Langeland Olderbakk.

– Det tok fleire veker før jeg klarte å presentere meg rett i telefonen, men det gjekk seg til, fortel Ingrid.

Og det er særleg kvinner og born som bidreg til at -sen-namna forsvinn.

Ti tusen færre kvart år

Stadig fleire kvinner med patronym som Johansen og Nilsen legg vekk etternamnet sitt når dei giftar seg, og stadig færre startar livet som ein -sen. Namnegranskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen har rekna seg fram til at det blir 10 000 færre -sen-nordmenn kvart år.

Tidleg på 1900-talet hadde rundt halvparten av oss -sen-namn. I år 2000 var berre kvar fjerde ein -sen.

Blant dei som bytte finn me forfattarane A. O. Vinje og Knut Hamsun. Treåringen som seinare skulle vinne Nobelprisen i litteratur heitte Knud Pedersen då familien flytta til Hamsund i Nordland. Fyrst i 1884 kalla han seg Knut Hamsun. Og Aasmund Olavsson Vinje kalla seg A. Olsen fram til han var 29 år.

Velg mellom 16 tippoldenamn

Dagens namnelov er raus: du kan fritt ta etternamn frå slekta fire generasjonar attende. Og med 16 tippoldeforeldre har du mange etternamn å velje mellom.

Eller du kan gjere som Poipoi og Hjertefølger, sende inn søknad til Folkeregisteret, og håpe på positivt svar. I namnelova står det:

Navn som ikke er registrert i Det sentrale folkeregister som et navn som er i bruk som etternavn her i riket, kan tas som etternavn.

Ingrid Marie Hjertefølger lagar soverom til sonen Aron.

Vil du gjere som Ingrid Marie, og få eit nytt etternamn? Følg hjartet ditt, rår fru Hjertefølger. Her jobbar ho med det nye miljøhuset familien snart skal flytte inn i.

Foto: Privat

– Eg anbefaler gjerne andre til å prøve det same, for namnet mitt underheld meg framleis, seier Ove i Bergen, som no har heitt Poipoi i over 8 år.

Kva med herr og fru Hjertefølger i Nordland, anbefalar dei andre å lage eigne etternamn? Spørsmålet får paret til å skrattle:

– Kjempekomisk spørsmål! Takk for ein god latter. Som namnet Hjertefølger seier: Om hjarte ditt ynskjer det, så gjer det! Hvis ikkje, så lat vere, ler fru Hjertefølger.

Vil DU byte etternamn?

Vil du dele di etternamnhistorie? Skriv den gjerne i kommentarfeltet under, eller skriv inn til nomino@nrk.no.

Nomino, TV-serien om namn og nordmenn, blir sendt på NRK1 i 2014, og redaksjonen vil gjerne ha tips om nokon som har tenkt å byte etternamn.

Du kan òg dele di historie på Nominos Facebookside, eller på Twitter. Der finn du TV-serien som @NominoNRK.

Me oppmodar alle som kommenterer artikkelen til å skrive sakleg og respektfullt.

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober