NRK Meny
Normal

Slik lagar du ein religion

Desse ti historiske dokumenta forma den kristne trua i Noreg.

Reformasjonen 2

REFORMATOR: Det som berre var meint som eit akademisk debattinnlegg i universitetsbyen Wittenberg vart plutseleg den utløysande faktoren for ein ny religion i store delar av Europa.

Foto: Krister Kanck

Kva slags tekstar treng ein eigentleg for å lage ein ny religion?

I samarbeid med nokre av våre fremste teologar og historikarar har vi funne «oppskrifta» frå førre gong Noreg skifta statsreligion frå katolsk til luthersk.

Lista inneheld eit debattinnlegg, ei heilag skrift, vedkjenningar, forklaringar, nye heilagdagar, ny musikk og lærebøker for born og ungdom.

1: Luthers 95 teser

Luthers 95 teser

Dei 95 læresetningane som Martin Luther spikra opp på slottskyrkjedøra i Wittenberg i 1517 er sjølve grunnlaget for reformasjonen. Her argumenterer han blant anna mot avlatsbrevhandelen i den katolske kyrkja. Tesene var eigentleg berre meint som eit akademisk debattinnlegg i universitetsbyen, men skulle få større konsekvensar enn Luther nokon gong kunne ha drøymt om.

2: Luthers tyske omsetjing av Det nye testamentet

Das Newe Testament Deutzsch 1522

Luthers omsetjing av Det nye testamentet frå 1522 var ikkje den første Bibelen på tysk, men statusen han hadde gjorde at denne hadde større gjennomslag enn tidlegare omsetjingar. Det var svært viktig for Luther å gjere Bibelen tilgjengeleg for folk flest. Då slapp ein å vere avhengig av eit opphøgd presteskap som las opp dei heilage tekstane på latin.

3: Den Augsburgiske Konfesjon

Den augsburgske konfesjon

Denne vedkjenninga summerer opp dei viktigaste punkta ved lutherismen og vart skriven av den tyske teologen Philipp Melanchthon. Ho vart presentert i riksdagen i Augsburg for den katolske tysk-romerske keisaren, Karl V. Han hadde bedt dei tyske fyrstane som tilslutta seg Luther si lære om å forklare overbevisningane sine, men vart dessverre ikkje overbevist av konfesjonen.

4: Loci Communes

Loci Communes

Boka Loci Communes vart også skriven av teologen Philipp Melanchthon og kom ut i stadig nye utgåver. Denne boka var meint å vere ei utførleg utgreiing av alle tema som omhandla luthersk tru. Etter kvart som ting vart meir og meir fastsett i det lutherske tankegodset inkluderte Melanchthon det i nyare utgåver. Martin Luther var stor fan av boka og sa: «Utanom den heilage skrifta finst det inga betre bok.»

5: Kyrkjeordinansen

Kirkeordinansen
Foto: Alexander Lyngsnes / NTNU

Kyrkjeordinansen kom ut samtidig som reformasjonen vart innført av Christian III i Danmark-Noreg i 1537. Ordinansen forklarar korleis den nye dansk-norske kyrkja skulle vere organisert. Johann Bugenhagen, som var ein av Luthers nærmaste støttespelarar, er nemnt som ein viktig bidragsytar i ordinansen.

6: Luthers Postille

Luthers postille
Foto: Nasjonalbiblioteket

Luthers Postille gjorde greie for korleis den nye læra skulle bli presentert for folket. Mellom anna har han ei oversikt over alle lutherske heilagdagar der han forklarar korleis dei skulle bli feira og kvifor. Dei same heilagdagane er framleis gjeldande i dag.

7: Hans Thomissøns salmebok frå 1569

Den danske salmebok

Hans Thomissøns salmebok frå 1569 var den første danskspråklege lutherske salmeboka. Boka hadde også med fleire av Luthers salmar, blant anna Vår Gud han er så fast ei borg. Salmeboka skulle få stort gjennomslag i Danmark, men i Noreg tok det mykje lenger tid før den nye religionen vart omfamna av folket. Her til lands vart derfor Thomas Kingo si salmebok frå 1699 mykje betre tatt imot.

8: Luthers store og litle katekisme frå 1529

Luthers katekisme

Dei viktigaste tekstane for reformasjonen sitt gjennomslag i Noreg var Luthers store og litle katekisme frå 1529. Den litle katekisme vart brukt for å drille barn og ungdom i luthersk-protestantisk kristendom før dei seinare vart eksaminert av biskopane som kom på visitas til kyrkjene. Dette vart ytterlegare trappa opp med innføringa av konfirmasjonen i 1736. Den store katekismen vart skriven med prestane som målgruppe.

9: Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme gitt ut i 1737

Pontoppidands forklaring til Luthers lille katekisme
Foto: Nasjonalbiblioteket

Erik Ludvig Pontoppidan var dansk teolog og biskop i Bergen på 1700-talet. Han skreiv ei forklaring til Luthers katekisme som vart folkeskulen og konfirmasjonen si einaste lærebok, og dermed den langvarige reformasjonens mest innflytelsesrike bok i Noreg. Barna måtte lære boka utanåt og den hadde minimal konkurranse frå annan litteratur.

10: Biskop Jens Nilssøns visitasbøker frå 1574 til 1597

Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser
Foto: Nasjonalbiblioteket

Gjennom meir enn 20 år besøkte biskop Jens Nilssøn kyrkjer på Austlandet. I visitatbøkene kan vi lese skildringar av reiser ut på landet, opp og ned fjellstiar, i kulde, mørke og på hålkeføre. Skildringane dannar eit eineståande tidsbilde av den første reformasjonstida i Noreg på 1500-talet.

Denne saka vart utarbeidt etter innspel frå:

  • Øystein Rian (historikar UiO)
  • Tarald Rasmussen (teolog UiO)
  • Hallgeir Elstad (prodekan UiO)
  • Aud Valborg Tønnesen (dekan UiO)
  • Arne Bugge Amundsen (dekan UiO)
  • Alexander Lyngsnes (universitetsbibliotekar, NTNU)

Anbefalt vidare lesing:

Reformasjonen 6
Foto: Krister Kanck

Lykkejegeren som forandra Noreg. Med hjelp av ein dansk sjarlatan gjekk Noreg frå å vere katolsk til luthersk over natta. Les saka

Høyr podkast:

I år feirer vi at det er fem hundre år siden Martin Luther publiserte sine 95 teser i Wittenberg. Noen år senere ble også stearinlysene slukket og helgenbildene rensket vekk her hos oss. Hva var det egentlig som skjedde? I første episode møter du Martin Luther når han ankommer klosteret i Wittenberg.

EPISODE 1 «Da Luther kom til Norge»: I år feirer vi at det er fem hundre år siden Martin Luther publiserte sine 95 teser i Wittenberg. Noen år senere ble også stearinlysene slukket og helgenbildene rensket vekk her hos oss. Hva var det egentlig som skjedde? I første episode møter du Martin Luther når han ankommer klosteret i Wittenberg.