Helene Uri
De beste blant oss
Gyldendal 2006
Helene Uri er ein av dei få som har sagt opp ei fast stilling på universitetet. Ho er dermed i den eksklusive situasjonen at ho kjenner Blindernmiljøet frå innsida, samtidig som ho ikkje treng å halde seg inne med dei som arbeider der.
Sladder-kritikk
Dette har likevel ikkje blitt eit oppgjer med namngitte folk og miljø. På det fiktive institutt for futuristisk lingvistikk, til kvardags futling, arbeider ein gjeng futlingar som du ikkje finn i telefonkatalogen. Romanen er dermed eit dårleg utgangspunkt for sladder, og det er lurt ettersom romanen er ein kritikk av nettopp det: Av akademisk sladder og skadefryd, men også av tendensen til å løne det middelmådige. Kven vil tilsetje stjerner som overstrålar dei sjølve? Kven vil sleppe urokråker og potensielle konkurrentar inn på nabokontoret?
Eg røpar neppe for mykje når eg fortel at tittelen "De beste blant oss" er ironisk. Romanen viser kva som kan skje i eit miljø der det er beinhard konkurranse om stillingar og der tilsetjingskomiteane må utøve skjønn.
Stor fallhøgd
Slikt kan det bli god litteratur av, og Uri har laga ein spennande roman om ein trekant av futlingar som blir knytt saman av lidenskap på kryss og tvers. Erotisk, men ikkje minst fagleg. For dei elskar faget sitt også, og jobbar dag og natt opp mot fristar: Og det handlar ikkje berre om heider og ære, men om ei ekte og djuptfølt glede over å kome til ny innsikt.
Det er altså mykje som står på spel og fallhøgda er stor.
Rundt dei tre finst eit breitt galleri av universitetstilsette, og her har Uri målt med brei pensel: Dei mislukka er alkoholiserte, riksmålsmannen har tversover, og målfolket insisterer på felespeling i utide. Neppe heilt sant, men moro er det lell.
"De beste blant oss" kan både lesast som ein spenningsroman og som ein kritikk av eit system og dei som forvaltar og utviklar dette systemet. For sjøl om futling ikkje finst, er problema Uri skildrar gjenkjennelege. Og dei finst ikkje berre på universitetet. Eg seier ikkje meir.
Kulturnytt, NRK P2, 21.juni 2006