Hopp til innhold

David Bowie vant fire Grammy post mortem

2016 tok og tok. Fleire av dei store artistane som døydde i fjor blei hylla under Grammy i natt.

Bruno Mars

SKREMMENDE LIK: Bruno Mars hylla Prince med gitarsolo og rynkete skjorte.

Foto: Christopher Polk / AFP

For mange musikkinteresserte blei 2016 eit svart år. Blant dei mange musikarane som gjekk bort var det tre store. David Bowie døde av kreft i januar, Prince gjekk bort i april og George Michael i desember.

LES OGSÅ: – Det blir kake uansett, nå er det fest!

Under Grammy-festen i Staples Center i Los Angeles i natt norsk tid blei dei heidra og hylla med priser.

David Bowie vant fire Grammy-priser post mortem for albumet «Blackstar», i tillegg til ein femte til Jonathan Barnbrook for det visuelle uttrykket til albumet.

The Chainsmokers

PÅ VEGNER AV DAVID BOWIE: The Chainsmokers klappar når dei tek i mot Grammy for Best Rock Song på vegner av den avdøde David Bowie for «Blackstar».

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Som Adele vant David Bowie alle dei fire prisane han var nominert for. For sitt siste album «Blackstar», som blei gitt ut berre dagar før han døydde, vann han i kategoriane Best Alternative Music Album, Best Recording Package og Best Engineered Album, Non-Classical. For tittelsporet «Blackstar» vann han prisen for Best Rock Performance og Best Rock Song.

Hylla Prince med nifs etterlikning

Med ei nifs etterlikning hadde Bruno Mars ein elektrisk hyllest til Prince med songen «Purple One». Han hadde på seg ein glitrande lilla jakke og kvit skjorte med rynkete hals og spelte elektrisk gitarsolo til «Let's Go Crazy».

Morris Day

HYLLEST: Morris Day hyller sin avdøde venn Prince med to songar.

Foto: KEVORK DJANSEZIAN / AFP

Den unge Bruno tok over scenen etter Morris Day, vokalist i bandet The Time, som er tidlegare samarbeidspartnarar til Prince. For å hylle sin avdøde venn framførte Morris Day «Jungle Love» og «The bird».

Tidlegare på kvelden hadde Adele hylla George Michael, med ein versjon av «Fast love» frå 1996, medan bilde av Michael rulla på skjermen bak.

Hyllesta fekk ein litt humpete start. Adele stotra i opninga av framføringa, tok nokre pausar, banna litt og bad om å få begynne på nytt.

– Beklagar. Eg veit det er direkte-TV. Eg kan ikkje øydelegge dette for han, sa Adele frå scena.

Adele og George Michael

FAST LOVE: Adele hylla George Michael under Grammy-prisutdelinga.

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober