Hopp til innhold

Dansk forsking: Slik har valden i Donald-blad utvikla seg

Var det fleire hovudskadar i danske Donald-blad i 2009 enn i 1959? Det har fire danskar forska på.

Donald Duck

Både på norsk, dansk og engelsk får Donald Duck mange smellar i hovudet. Men han overlever alltid!

Det skal seiast at forskinga er gjort med eit smil, og at dette ikkje er noko Ugeskrift for læger driv med kvar veke. Tidsskriftet har ein tradisjon med at kvar jul tek dei opp eit noko uvanleg forskingsemne – og i år var det Donald Ducks tur, skriv Berlingske og dansk TV2.

Tidlegare har forskingstidsskriftet mellom anna undersøkt om ein kan bli alkoholpåverka om ein tek eit fotbad med vodka.

Ein komparativ analyse

Danske Donald-blad, eller Anders And-blad som det heiter i vårt naboland i sør, inneheld som i Noreg ein god del vald og skadar.

Medieforskar Agnete M. Juul ved Københavns Universitet har i samarbeid med Klaus Ulrik Koch, Mads Rasmussen og Niels Juul ved Neuroanæstesiologisk Afsnit ved Aarhus Universitetshospital levert følgande komparative analyse: Kranietraumer i Andeby og omegn i 1959 og 2009.

Dette er resultata

Undersøkingane dei har gjort på hovudskadar i Andeby gir følgande resultat:

  • Per blad har talet på hovudskader i Andeby ikkje endra seg.
  • Men per side har hovudskadane halvert seg. (Donald-blada har fått fleire sider.)
  • Donald har også i 2009 tatt meir av støyten. I 1959 var det han som fekk hovudskadane i eit av seks tilfelle i blada. Mens i 2009 fekk hovudet hans bank i kvart tredje registrerte tilfelle.
  • 50 prosent av skadane kom ved ulykker, mens 50 prosent kom frå overfall.
  • Vald mot eldre (særleg Onkel Skrue) har auka på 50 år, mens vald mot kvinner (Dolly og Magica frå Tryll) har gått ned.
  • Skadar kor dyr er årsaka, har gått ned med 75 prosent, mens vald kor menneske (menneske i Donald-forstand iallfall) står bak, har dobla seg.

Hovudkonklusjonen til medieforskar Agnete M. Juul er at valden i blada ikkje har auka, og dermed ikkje har spegla resten av den auka valdsbruken i ulike medium dei siste 50 åra.

PS! Lege og forskar Niels M. Juul vil til TV2 forsikra om at han ikkje har brukt veldig mykje tid på denne forskinga.

Les også:

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.