Normal

Også Daily Mirror kan ha avlytta telefonar

Redaktøren for den britiske tabloidavisa Daily Mirror sa i ei høyring i London i dag at journalistar i avisa kan ha drive med telefonavlytting.

Sly Bailey (t.v.) og David Wallace.

Toppsjefen i Trinity Mirror, Sly Bailey og sjefredaktøren i Daily Mirror, David Wallace, på veg inn til ei høyring i London måndag.

Foto: STEFAN WERMUTH / Reuters

Frå før er det kjent at avisa News of The World dreiv utstrekt avlytting av private mobiltelefonar, og det førde også til at avisa vart nedlagt, og at eigarane, Robert Murdochs News Corp , kom under sterkt press.

– Visste ikkje om det

Sven Goran Eriksson er bitter på engelske aviser og FA.

Sven Göran Eriksson kan ha vore utsett for telefonavlytting.

Foto: MATT DUNHAM / AP

No viser det seg at også mediegruppa Trinity Mirror også kan ha sine svin på skogen. Redaktør Richard Wallace sa under høyringa i dag at avlytting av private telefonar kan ha skjedd då han var underhaldningsredaktør i avisa, men at han ikkje visste om det.

Han vedgjekk at han ikkje alltid kjende til kjeldene til journalistane då han var redaktør denne avdelinga. Trinity Mirror har tidlegare gjort det klart at deira journalistar arbeider innanfor lova.

Wallace sa i dag at telefonavlytting kan ha vore i bruk då Daily Mirror avslørte at den tidlegare trenaren for det engelske landslaget i fotball, svenske Sven Göran Eriksson, hadde eit forhold til fjernsynskjendisen Ulrika Jonsson, også ho svensk.

Eriksson har tidlegare sagt at han er sikker på at avisa hadde hacka seg inn på telefonen hans.

LES OGSÅ: Sår tvil om bevis mot News of the World

LES OGSÅ: 800 rammet av britisk telefonhacking

Vart aldri granska

Toppsjefen i Trinity Mirror, Sly Bailey, sa i si forklaring at ho aldri hadde sett bevis for at telefonavlytting var brukt i Daily Mirror. Men ho la til at selskapet aldri hadde gjennomført ei intern gransking for å finne ut av det.

Å hacke seg inn på private telefonar er ikkje berre brot på britisk lov, men er også eit alvorleg brot på dei etiske retningslinene journalistar både i Storbritannia og andre land skal arbeide etter.

LES OGSÅ: Første dataarrestasjon i News of the World-skandalen

LES OGSÅ: Privatetterforsker vil vitne mot News of the World

Kulturstrøm