Moby sjekka ut frå Eminem
Moby gjer tydelegvis alt han kan for å unngå merksemd frå Eminem. Rapparen har fleire gongar slengd drit til den populære musikaren, særleg i låta "Without Me", utan at Moby har tatt seg nær av kritikken.
Men i nærleiken av rapparen vil Moby helst ikkje vere.
Nyleg booka dei to artistane inn på same hotell i Los Angeles. I det Moby var i ferd med å oppdatere si svært så populære nettside, oppdaga han plutseleg at det var folk på taket på hotellet. Det viste seg å vere sjølvaste Eminem som spelte inn ein musikkvideo.
Moby sjekka med eit ut av hotellet i frykt for at Eminem fans skulle oppdage Moby, og gav følgjande beskjed om sin
Robbie Williams. Foto: Promo.
reaksjon på si nettside: "Kall meg gjerne paranoid og ein tapar, men eg prøver heller å unngå all form for konfrontasjon". Sist veke blei Moby slått ned i New York av ein gjeng ungdommar. (www.moby-online.com)
Robbie til trippel
Julehøgtida er tydelegvis tida for å selje plater. Bjørn Eidsvåg er ein av vinnarane her heime, medan Robbie Williams sel ufatteleg med plater over heile Europa akkurat no.
Nordmenn er med på å gjere Williams til Europas store entertainer akkurat no. Det siste albumet "Escapology" har no seld til trippel platina her i landet, noko som utgjer heile 125.000 eksemplar.
Williams er via ein time på NRK1 i kveld, der du kan sjå briten i eit konsertopptak frå London tidlegare i haust. (EMI Virgin)
David Coverdale. Foto: davidcoverdale.com.
Coverdale & Whitesnake på turne igjen
David Coverdale er igjen tilbake i Whitesnake. Den tidlegare frontvokalisten som og var med i Deep Purple på 70-talet skal turnere med Whitesnake i USA til våren.
I tillegg til Coverdale skal også ei rekkje andre kjende musikarar turnere med Whitesnake. I følgje David Coverdale si heimeside på nettet kjem følgjande musikarar til å vere med på turneen. Doug Aldrich (Dio, Lion, Burning Rain), Reb Beach (Alice Cooper, Dokken, Winger) Timothy Drury (Eagles, Don Henley) Marco Mendoza (Ted Nugent, Thin Lizzy, Blue Murder)... og Tommy Aldrige.
Coverdale har dei siste åra turnert aleine og gjeve ut eit par soloplater, med mest suksess i Asia.
Carola. Foto: Michel Pooro/Getty Images.
Carola kan bli programleiar
Ho fekk ikkje vere med i svensk Grand Prix fordi ho ikkje ville synge songen sin sjølv. No ser det derimot ut som ho likevel blir med i på den svenske Melodifestivalen.
- Vi er i samtalar med Carola om programleiarjobben, stadfester Madeleine Stenberg, SVT sin produsent for programmet til Aftonbladet.
Ho seier og at Carola kan vere aktuell som ein av fleire programleiarar i programmet.
Den svenske Grand Prix brukte regelverket og kravde at Carola sjølv stilte opp med songen "Autumn Leaf", som ho har vore med på å skrive. Da hun ikkje ville det, vart ho diska frå deltaking i den svenske finalen. (NTB/Aftonbladet)
R.E.M - Foto: remrock.com.
R.E.M med ny song
R.E.M har for fyrste gong på lang tid nyheiter å by på. Søndag overraska bandet med ein heilt ny song då dei spelte ein overraskingskonsert i canadiske Vancouver.
R.E.M kom på scena under pausen i ein konsert med bandet Minus Five. Der spelte dei blant anna den nye låta "Weatherman", som i følgje NME er ein song med meir tempo enn materialet på "Reveal".
R.E.M spelte også "She Just Wants to Be" frå "Reveal" i tillegg til ein omarbeida versjon av 80-tallslåten "Bad Day". (NTB)
Cardigans. Foto: cardigans.com.
Nytt frå Cardigans
Det har tatt tid, men no byrjar det å røre på seg. Endeleg kjem det nyheiter frå den svenske popgruppa Cardigans.
I følgje svensk p3, kjem det eit heilt nytt album 24. mars. Namnet på det nye albumet vert "Long gone before daylight", og er den fyrste albumet frå gruppa sidan 1998-suksessen "Gran turismo".
Det aller fyrste me får høyre frå bandet er singelen "For What it`s worth" , som kjem 17. februar. Både den og resten av plata er produsert av Per Sunding i samarbeid med bandmedlemma.
Pelle Almqvist frå The Hives, Ebbot Lundberg frå Soundtrack Of Our Lives og Nicke Andersson frå Hellacopters er gjesteartistar på albumet. (Sveriges Radio P3)
Yoko Ono. Foto: yoko-ono.com
Yoko saksøkjer McCartney?
John Lennon si enke, Yoko Ono, trugar med å saksøke Paul McCartney. Årsaka skal vere planane til McCartney om å endre på den klassiske Lennon/McCartney-krediteringa for Beatles-songane.
Yoko Ono skal i følgje sine advokatar ha hissa seg opp fordi McCartney på sitt siste Live-album endrar på namnerekkefølgja. Tradisjonelt har songane blitt kreditert Lennon/McCartney, men på den nye plata har McCartney satt seg sjølv fyrst.
McCartney har lenge klaga over å måtte dele æra for "Yesterday" med Lennon fordi han truleg aldri skal ha vore med på å skrive songen i det heile tatt. Ono sine advokatar undersøkjer no sjansen for å hindre McCartney i å fortsette den nye praksisen.