Comeback for Gessle og co?
Svenskane sitt store 80-tallsband Gyllene Tider har planar om eit comeback. Gitarist Mats Persson stadfester ovanfor den svenske avisa Expressen at bandmedlemmane har møtt kvarandre og diskutert eit comeback.
I følgje bandet får dei framleis mange tilbod og ønskjer om å opptre, noko som viser at det er stor interesse rundt musikken til gruppa.
Bandet seier dei har også spelt litt saman og at det musikalsk let ut som «voksenpop». Dersom det blir eit comeback vert det aktuelt fyrst når bandet har 25 års jubileum om to år. (Expressen)
Robbie Williams skal ut på turne, men kjem ikkje til Noreg. Foto: Promo
Williams med lekkasje og turne
Falske versjonar av songar frå den nye Robbie Williams plata, har dukka opp på Internett.
Songane har vore tilgjengleg på nedlastingssider som Morpheus og Kazaa, men viser seg å vere problematiske filer. Stort sett har filene berre vore høyrelege i under 30 sekund, før dei fadast til stillskap. I andre tilfeller har det vore umogeleg å spele dei i det heile tatt.
Plateselskapet EMI som har Williams i stallen har nekta å kommentere saka. Plata "Escapology" gjevast ut i dag måndag 18. november.
Samtidig som det spekulerast i lekkasjar har Williams planar om ein stor Europa turne til sommaren. I første rekkje kjem han ikkje til Noreg.
Danmark og Sverige får derimot besøk av engelskmannen som opnar turneen i Skottland 28. juni og avsluttar den i august i Dublin. (Ananova)
SKRUK har gjort gospel saman med Ytre Suløen før. Meir gospel blir det til neste år. Foto: promo.
30 års jubileum i Molde
SKRUK og Ytre Suløens Jass-ensemble har hengt saman ei rekkje gonger før. No er det klart for ny turne i samband med 30 års jubileumet neste år.
Koret og bandet har slått seg saman til ei felles jubileumskonsert "Hallelujazz på Nytt". På 1980-tallet var det også "Hallelujazz" i Molde med SKRUK og Suløen, og konserten huskes som ein av dei store i jazzfestivalen si historie.
I påska 2003 skal SKRUK og Ytre Suløen til New Orleans, der dei begge har vore fleire gongar før. Det er røtene frå New Orleans-jazzen koret og bandet søker - og tek med seg tilbake til Norge saman med gjestedirigent og solistar frå New Orleans. (NTB)
Kva døyde Jay Master Jam av? Foto: Promo.
Rappar døde av narkotikabråk
Politiet i New York trur ein åtte år gammal narkotikakrangel skal vere årsaka til mordet på rapparen og Run DMC medlemmet Jam Master Jay, Jason Mizell.
Den mordmistenkte Curtis Scoon og Mizell skal begge ha spart seg opp om lag 150 000 kroner, for å kjøpe to kilo kokain. I etterkant skal ein langer ha røpt til politiet om planane.
Scoon skal i lengre tid ha trudd at det var Mizell som røpte om kjøpet og tok difor hemn etter åtte år, skriv New York Post.
Wyclef Jean vil gjerne ha Fugees comeback. Foto: promo
Wyclef Jean håpar på Fugees-forening
Wyclef Jean vil svært gjerne at Fugees skal forenast. Årsaka til at det ikkje blir noko foreining er at Lauryn Hill stoppar det, seier Wyclef.
- Gruppa har aldri blitt oppløyst og vi prøvar å arbeide saman. Eg vil gjerne lage ei Fugees-plate. Du må snakke med Lauryn Hill. Det er ho som er problemet, ikkje meg, seier han i følgje BBC.
Både Lauryn Hill og Wyclef Jean har hatt ei suksessfull solokarrie etter at Fugees tok ei pause på ubestemt tid. Det tredje medlemmet, Pras, har ikkje hatt like stor suksess, delvis fordi han har konsentrert seg mest om filmkarriera sin.
Diaz sensurert
Dagen før Diaz skulle opptre på VG Topp 20 på NRK i forrige veke, blei han spurt om han kunne fremføre ein annen song enn "Stikking".
NRK-leiinga følte at teksten på den nye singel var upassande. Orda "pule" og "kommer" var for dryge, samt
Diaz blei sensurert i NRK. Foto: eget.
linjene "følge hodet som sier schwing", "skaff et nummer til hver en stund", "rette opp det skeive tårnet i Piza" og "filmer som Hansen".
Diaz, Kleen Cut og Kapricon endte opp med å fremføre ei sensurert utgave av "Stikking"... melder Stress.no