Kaada til utlandet
Stavanger guten John Erik Kaada er klar for utlandet etter at han vart sparka frå plateselskapet EMI. Etter berre ei plate for EMI, skal Kaada lanserast på det verdsomspennande selskapet Ipecac.
Det er den tidlegare Faith No More-vokalisten Mike Patton som står bak selskapet, som skal gjeve ut Kaada sitt EMI-album "Than You For Giving Me Your Valuable Time".
John Erik Kaada fekk sitt gjennombrot i gruppa Cloroform. I etterkant har han satsa som soloartist, i tillegg til å ha laga musikk til fleire norske filmar. Kaada vant Amandapris for si filmusikk jobbing i Haugesund i år. (NTB)
For tredje gang på rad skitar Idlewind bassist
Slutt for Idlewind bassist
Bassist Bob Fairfoull sluttar i det skotske rockebandet Idlewind. Akkurat idet bandet er i ferd med å bli populære med albumet "The Remote Part", skiftar bandet på ny gitarist.
I følgje NME var bassist Bob Fairfoull erstatta av bassteknikaren Alex Grant då bandet spelte i Köln måndag. Etter den første songen annonserte bandet at Fairfoull hadde slutta i bandet.
Dette er seinare offisielt stadfesta og Grant ventast å spele bass på bandet sine komande Storbritannia-konsertar.
Fairfoull starta i Idlewind i 1997, etter at Phil Scanlon som var bandet sin første bassist slutta. (NTB)
11 september kjem det beste fra Nirvana i butikkane
Nirvanadato klar
Mange har venta i lengre tid. Endeleg kan Nirvana kome med stadfesta nyheiter. I november kjem den etterlengta samleplata frå grunge bandet.
På samlealbumet kan ein for fyrste gong høyre den "forsvunne" låta "You Know You’re Right" på ein offisiell utgiving.
Etter månaders krangling med Courtney Love er dei tidligare Nirvanamedlemmane Dave Grohl og Krist Novoselic omsider vorte samde.
Albumet er i følgje bandet i butikkane 11. november. (NTB)
Fans gjer det meste for sine heltar i AC/DC
AC/DC hyllast i spillefilm
Det australske hardrockebandet får ein rein hyllestfilm. I mars startar innspelinga av filmen som har fått namnet "Thunderstruck".
"Thunderstruck", som er kalla opp etter ein av bandet sine største hits, handlar om fem fans som sluttar ei pakt: Den første av dei som dør, skal gravleggast ved sidan av Bon Scott, AC/DC sin vokalist som døyde etter ei fyllekule i februar 1980.
I musikken til filmen kjem minst tre AC/DC-låter til å vere med: "Thunderstruck", "TNT" og "It’s a long way to the top" (if you wanna rock’n’roll). (NTB)
Oasis får ikkje alltid alt til å fungere som det skal
Meir Oasis-tull
Problema kring Oasis sin verdsturne fortsetter. Etter mykje styr i USA har problema også dukka opp i Japan.
Liam Gallagher gjekk tysdag av scena under ein konsert i Japan, slik at storebror Noel måtte synge alle songane sjølv. Bandet var halvvegs i konserten sin på Fukuoka Kokusai Center då Liam forlot resten av bandet. Etter ein pause på ti minutt kom Noel tilbake og spelte eit åttelåtars akustisk sett, melder NME.
Sidan kom Liam tilbake og song på fem ekstranummer, noko som gjer det sannsynlig at det heile skuldast stemmeproblem, og ikkje ein av brødrene sine mange kranglar.