Dei hadde alltid mykje bedre tid i radioen i tidlegare tider, så intervjuet opna med opptil fleire minutt der vi får høyre kva desse amerikanerane studerar, og kva slags liten landsby i dei forente amreikanske statane dei kjem frå.
Dagligliv på Karl Johan (Foto: NTB-arkiv / SCANPIX)
Vi kan merke at reporteren virkelig syns det var stas å intervjue noken frå mulighetenes land, men bortsett frå det er det litt kjedelig å høyre på heilt til vår mann spør om det er noke amerikanerane ikkje likar ved Norge.
Ms. Murrey syns nordmenn går fryktelig fort, - dei går og går, mens Mr. Hoskins ikkje har sans for vørterøl. Det hjelper heller ikkje at reporter Nils Braanaas forklarer at vørterøl er anbefalt av 400 norske legar. Så snakkar amerikanerane varmt om FN, så som dokke skjønnar: tidene forandrar seg!
Klikk på lenka i medieboksen over for å høyre innslaget.
Norgesglasset NRK P1 23. september.