Alle blir heilt stille og ser på kvarandre. ”Oj, kva var det?” spør Ingelin som er produsent i Newton. Vi ser ut vindauga og oppdagar at bilen står heilt på skeiva ned i ei grøft. ”Dette ser ikkje bra ut” seier geologen Lisbeth som også sit på i bilen vår. Roger (fotografen vår, som også er sjåfør i dag) seier ingenting – han ser berre litt flau ut. ”Torer vi å gå ut?” spør eg – litt redd for at heile bilen kan skli ut dersom vi går ut av bilen. ”Jo, det er nok best at vi går ut” seier Roger tilslutt med litt molefonken stemme.
I lause lufta
Alle studerer bilen i grøfta. Foto: NRK
Vel ute oppdagar vi at bilen berre er eit par centimeter frå å havne i elva. Mirakuløst nok står kvart av hjula på bilen på kvar sin stein over den vesle elva. I mellom hjula er det berre laus luft. Det ser ut som om det blir heilt umogleg å køyre bilen oppatt frå grøfta med eiga hjelp.
S.O.S.
Redningsmannen vår! Foto: NRK
Vi treng hjelp. Og det er ikkje berre berre når ein er langt inne i Jostedalen og det er langt til nærmaste bilbergingsstasjon. Men tilslutt når vi fram på telefon til ein hyggeleg mann i Sogndal som lovar han skal komme og redde oss. Men det varar og rekk, medan vi sit i vegkanten og ventar. Blir det Newton-sending om isbre, tru? Ingelin ser meir og meir bekymra ut. Først etter tre timar kjem bergingsbilen. Men gjett om vi er glade då!
Berga!
Bilen blir dregen opp frå grøfta, og vi får fart på oss. Vi får på oss stegjern, tau og hjelm. No hastar det med å komme seg opp på breen og lage sending. Lurar du på korleis det gjekk? Ta ein kik på Newton på søndag...
Endeleg på breen! Foto: NRK