Hopp til innhold

Då Hollywood kom til Hardanger

Sommaren 1957 rei Kirk Douglas gjennom vestlandsk natur på ein fjording. Janet Leigh feira 30-årsdagen sin i Hardanger, og Tony Curtis kjøpte minkpels til henne i Bergen.

To vikingeskip fra innspillingen

To av vikingeskipa fylt med skodespelarar og statister.

Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

Hør: The Vikings - Då Hollywood kom til Norge

I seks veker inntok regissør Richard Fleischer med følge Maurangsnes. Nesten alt som kunne krype og gå i området deltok, anten som statistar, som båtførarar, eller ved å låne ut fjordingen sin til ei filmstjerne.

No, 50 år etter, vert statistar og roarar kalt inn igjen, det skal lagast ein fransk dokumentar om då Hollywood kom til Hardanger.

Norske statistar

Berit Wollan

Berit Wollan var med i produksjonen.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

I Fyllingsdalen bur ei eldre dame som kan sjå attende på eit langt og rikt liv. Sommaren 1957 hugsar ho godt.

Fordi 24-åringen frå Nordheimsund kunne engelsk fekk ho jobben som bindeledd mellom produksjonsselskapet og bøndene i området. I ein flott amerikanar og med eigen privatsjåfør samla Berit Wollan inn utstyret som trengtest til filminnspelinga. Sidan blei ho med i filmen, både som statist og som stand-in. Men filmen har ho berre sett ein gong, i 1958. Ho trur det var i Bergen.

Klassisk innhald

På Maurangsnes i Kvinnherad kommune bygde produksjonsselskapet opp ein heil vikingelandsby, og fleire vikingeskip blei snekra saman til innspelinga. Roarane var både danske og norske, Berit Wollan meiner å hugse at nokon av dei kom frå Fana Roklubb utanfor Bergen.

Janet Leigh og Kirk Douglas

Skodespelarane Janet Leigh og Kirk Douglas.

Foto: Nordby, Jan / SCANPIX

50-talet blir hugsa for sine episke storfilmar, som Dei ti bod, Spartacus og Ben Hur. 'The Vikings' blei den fyrste store vikingefilmen, og i åra som kom dukka det opp både TV-seriar og filmar om livet i vikingetida.

Filmen blei ein kinosuksess, og den har fans den dag i dag.

Ønsker kontakt med nordmenn

Regissør Richard Fleischer.

Regien var ved Richard Fleischer, her er deler av crewet bak kamera.

Foto: Stage, Jan / Scanpix

'The Vikings' er favorittfilmen til den franske dokumentarfilmprodusenten Stéphane Chevalier. Filmen har fascinert han sidan han såg den fyrste gong som liten gut, og no ynskjer han å lage ein dokumentar om innspelinga. Filmen blei spelt inn i fleire land, og for å komme i kontakt med dei som deltok i Norge har Chevalier kontakta den franske ambassaden. Konsulatet i Bergen kontakta Bergens Tidende, og eitt døgn etter artikkelen stod på trykk hadde 20 personar meldt seg, blant dei Berit Wollan.

Vikinger fra Hollywood

Dersom du er ein av statistane på biletet, er du etterlyst.

Foto: Stage, Jan / SCANPIX

Stéphane Chevalier veit at Martin Scorcese er veldig glad i 'The Vikings', og franskmannen vil prøve å få til eit intervju med filmlegenden. Men til Norge kjem Chevalier uansett, alt tidleg neste år håpar han å kunne intervjue nokre av dei som deltok under, eller var vitne til innspelinga i 1957.

Var du ein av dei kan du kontakte visekonsul ved Frankrikes konsulat i Bergen, Arnhild Jebsen, på telefon  930 26 856.

Hør: The Vikings - Då Hollywood kom til Norge

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober