Gjennom 70 år med NRK og sportsoverføringar har stadig nye idrettar blitt kringkasta. Ein av dei nyare er curling, og mange av oss forstod kanskje ikkje noko særleg i starten då vi såg det på TV. Dei kostar isen febrilsk og samtalar intenst rundt "steinar i boet" -lenge!
Arve Fuglum har skrive boka om Radiosporten gjennom 70 år, som NRK gir ut i desse dagar. (Foto: Heiko Junge / SCANPIX)
Tenk deg då curling på radio for første gang. Eller å kommentere curling på radio når du som kommentator eigentleg ikkje kan så mykje om curling du heller.
Arve Fuglum har skrive boka om Radiosporten gjennom 70 år, som NRK gir ut i desse dagar. Og Fuglum sjølv har sterke minne knytta til nettopp curling i radio.
Det norske herrelandslaget i Curling kom til finalen. Arve Fuglum og Øystein Ingdahl skal gjere noko som aldri har blitt gjort på norsk radio før: Referere ein heil curling-kamp.
Då Noreg kom til finalen bestemte dei ferske curlingkomentatorane at NO kunne ikkje dei sitje i det grå kringkastningssenteret og kommentere lenger, - ikkje sjølvaste finalen! Dei måtte jo kunne prate med det norske laget - tenk om dei vann gull. NRK hadde ikkje kjøpt plass i curlinghallen, men det hadde Sveriges Radio. Og Sverige hadde jo ikkje kome til finalen...
Kampen er jamn. Canada har den siste og avgjerande steinen. Fuglum er pessimistisk, Ingdahl litt meir usikker. Men ingen av dei har eigentleg peiling på kva dei snakkar om. Her går det kun på kommentatorrutine. Klikk på lenka i meideboksen over for å høyre heile innslaget.
Reporter var Ragnhild Sleire Øyen, og vi held fram med å feire at NRK er 70 år på mandag her i Norgesglasset på P1.