No kan dei puste letta ut.
Dei hadde kanskje tekniske problem i prøvane til semifinalen, men det viste ikkje på scena då det gjaldt. No skal nabolandet vårt til finalen saman med Noreg.
Cornelia Jakobs har vore sett på som favoritten i den siste semifinalen.
Til finalen skal også norske Benjamin Rekstad og Casper Hatlestad. Dei er i bandet We Are Domi, som er Tsjekkia sitt bidrag.
Slapp med skrekken
Prøvane til Sverige har vore prega av tekniske problem. Dei slapp likevel med skrekken i sjølve semifinalen.
Snubling på leidningar og mikrofontrøbbel i prøvane stoppa ikkje eit feilfritt bidrag i semifinalen.
– Eg er utruleg letta over Sverige! Det gjekk feilfritt, og eg trur Cornelia er storfornøgd, seier Morten Westgaard i Eurovision Norway.
To nordmenn i tsjekkisk bidrag
– Tsjekkia leverte til dei grader. Stemninga i presserommet var på den ultimate toppen då dei var på scena. We Are Domi skapte magiske og uforgløymelege augneblink i dag, seier Westgaard.
Det førte altså til ein finaleplass.
– Vi skal gå på scena og gi alt vi kan og kose oss, og vere heilt sikre på at det ikkje er noko vi kunne ha gjort betre.
Det sa Benjamin Rekstad til NRK før semifinalen. Han og Casper Hatlestad er i trioen We Are Domi som representerer Tsjekkia i årets konkurranse.
No er dei altså klare for å stå på scena igjen under den store finalen laurdag 14. mai.