Mandag kom det fram at TV2 hadde
for David Irving, for å intervjue han i programmet Tabloid.I Oslo var det
då forfattaren, som er kjent for å ha , kom til TV2-huset.No reagerer også Coca-Cola, ein av TV2s største annonsørar.
Verdas største brusprodusent vil ha eit møte med TV2 for å få klarlagt kanalens redaksjonelle vurderingar.
- Handlar om merkevarebyggjing
- Vi vil ha dialog med TV2 om denne saka her. Vi synest det er naturleg å spørje dei om kva som ligg bak, og så får vi gjere oss opp ei meining i kjølevatnet av det, seier kommunikasjonsdirektør i Coca-Cola Norge Stein Rømmerud.
Han presiserer at Coca-Cola ikkje kjem til å boikotte TV2, eller leggje føringar på innhaldet til kanalen.
- Vi er ein fleirkulturell arbeidsplass, og har sjølvsagt notert oss denne saka. Vi vil ta den opp med TV2, men vi endrar ikkje marknadsplanane våre utan å ha dialog med TV2 først.
- Kvifor er det viktig for Coca-Cola å ta denne samtalen?
- Vi er veldig medvitne kva medier vi marknadsfører oss i, dette handlar om merkevarebyggjing.
- Villspor
Rektor ved Markedshøyskolen, Trond Blindheim, meiner Irvings besøk i Norge hadde stor nyheitsverdi, og at det er heilt vanleg at tv-stasjonar betalar reiseutgiftene til gjestane sine.
- Her er Coca-Cola på eit formidabelt villspor. Det er ikkje slik at ein marknadssjef i TV2 eller ein av annonsørane kan leggje seg opp i den redaksjonelle linja til eit medium.
- Men er det ikkje greitt at Coca-Cola ber opp eit møte?
- Nei, det synest eg er det dummaste eg har høyrt. Vi har ei grunnlov i dette landet som stadfestar at det er ytringsfridom for alle. Mediene er ikkje først og fremst til for å overbringje ein kommersiell bodskap frå aktørar som Coca-Cola.
- Ingen følgjer for Tabloid
Informasjonssjef i TV2, Marianne Røiseland seier at TV2 ikkje kan la annonsørar bestemme over innhaldet.
- Vi snakkar med dei fleste vi. Men vi kan nok ikkje leggje veldig stor vekt på kva ein annonsør meiner.
Røiseland vil ikkje spekulere i korleis kontroversen rundt Irving-sponsinga påverkar kanalen.
- For det redaksjonelle innhaldet i Tabloid får det nok ingen følgjer.
- Men for TV2?
- Det vil eg ikkje gå inn og spekulere i.
NRK har snakka med ei rekkje av TV2s annonsørar. Dei ønskjer ikkje å kommentere TV2s redaksjonelle avgjerd om å intervjue David Irving.