Klaustrofobi
Claudia Scott slit med klaustrofobi. Det har ho gjort sidan ho var lita jente.
- Det har blitt verre med åra. Det var ikkje så ille då eg var yngre, men det ballar på seg, fortel Claudia.

Claudia Scott - NTB-foto: Rune Petter Ness
I seinare tid har Claudia lært seg å takla klaustrofobien på ulike måtar. I dagens Radio Røynda gir Claudia lyarane tips om korleis ein kan unngå panikk i fly og heis.
- Det handlar om prøve å finne på noko for å avlede merksemde vekk frå det som skjer. På ein måte kan ein seie at ein må lura seg sjølv.
Råd mot klaustrofobi
Her er "klaustro"-Claudia sine råd mot panikk og klaustroforbi:
- Ikkje ha for mykje kler slik at du bli varm og sveitt.
- Ver opptatt med alt anna enn det rundt deg.
- Ha ein pratsom sidemann eller kvinne (Dårlege vitsar fungerer også. Berre praten går og held fokus vekke frå panikken).
- Tenk på ei farge! På den måten tek fantasien deg vekk frå det tette flyet eller den tronge heisen. (Claudia si favorittfarge er grøn!).
- Det er heller ikkje å stikkje under ein stol at alkohol hjelper. Her held Claudia seg til Gin Tonic eller raudvin.
Arrestert for mord
Claudia fortel også om då ho var i Los Angeles og blei mistenkt for å ha myrda ei hore.
- Vi feira bursdagen min, og så viste det seg at ei av jentane som var med, blei attkjent på eit ettersøkt-bilde, og dei på restauranten trudde ho var ei som hadde teke livet av ei luksus-prostituert. Det enda med at vi alle saman blei arrestert og lagt i jern. Med håndjern på ryggen blei vi lempa inn i politibilen og kyørde til politistasjonen. Det heile varte i nokre timar, og eg kjem aldri til å gløyme den bursdagen, ler Claudia.
Barnevakt
Vetle-Ivar har fått besøk i bladstova av naboguten Sjur, som har foreldre som nyttar Riksmål. Vetle-Ivar føl det som si oppgåve å læra han om Ivar Aasen og Nynorsk. Vetle-Ivar har også laga faktaboks om Claudia Scott, og den finn du nederst på denne sida.
Korleis Vetle-Ivar klarar seg som barnevakt får du høyre om du trykk på lenka i medieboksen over.
Illustrasjonsfoto, ingress: Marcel Lelienhof
Lagt til rette for Internett av Per Kristian Johansen.
Norgesglasset NRK P1
Vetle-Ivars faktaboks om Claudia Scott |
---|
- Claudia Scott er mellom dei vakraste riksmålskvinnene på den sørlege halvkule. |
- Ho syng som ein gud. |
- Ho har klaustroforbi. |
- Ho har blitt arrestert for mord. |