Hopp til innhold

Christine Koht opnar opp om kokain- og pillemisbruk

I ei ny bok fortel Christine Koht om fleire ukjente fasar av livet sitt. Målet er å riste av seg skamma og fortelje om alt.

Christine Koht får Kreftforeningens hederspris

OPEN: Fortel om ulike fasar i livet sitt i ny bok

Foto: Cicilie Sigrid Andersen

– Eg har tenkt at viss det skal vere nokon vits med denne boka, no, etter alt eg har vore igjennom, og medan eg ennå lever, så kan eg like gjerne fortelje alt, seier Christine Koht i boka.

Det skriv Dagbladet.

Dei siste åra har komikaren Christine Koht vore inn og ut frå sjukehus etter at ho fekk påvist kreft i 2018.

Ho har heile tida vore openhjartig om utfordringar i samband med sjukdommen, og fekk Kreftforeningens heiderspris for å fortelje om opp- og nedturane ho har hatt.

No avslører ho meir i sjølvbiografien «Kohts bok. Ti samtaler om livet og én om døden», som blir publisert denne veka.

Riste av seg skamma

Boka er ført i pennen av Joachim Førsund. Han står blant anna bak podkastar som «Tobias», «Familiene på Orderud» og ikkje minst «Koht vil leve».

Joachim Førsund

FORTELJE OM ALT: – I møte med døden så har det over viktig for Christine å riste av seg skamma og fortelje om alt, seier Joachim Førsund, forfattar av den nye boka til Koht.

Foto: Agnete Brun

Han fortel til NRK at etter Christine fekk prisar for si openheit om kreften, fekk ho mot til å vere open om noko som er svært vanskeleg å snakke om – nemleg psykisk sjukdom.

– I møte med døden så har det vore viktig for Christine å riste av seg skamma og fortelje om alt. Ein skal leve så kort og vere død så lenge, som ho seier.

– Eg sakna kokain

Boka fortel blant anna om tida fram til 2011 om korleis det er å leve med bipolar liding, og korleis det var å opphalde seg på psykiatriske avdelingar.

Koht avslører også for fyrste gong at ho har vore avhengig av både kokain og piller. Det skal ha starta i 2005, etter å ha vorte introdusert for det gjennom nokre venar.

Ho skildrar tida som rusfri som vanskeleg:

– Eg sakna å jobbe, eg sakna latteren frå publikum, eg sakna kokain, og eigentleg sakna eg nok Pernille, også, kjem det fram i boka, ifølgje VG.

Vil vise sårbarheit

Koht er oppteken av at boka skal vere morosam, sjølv om vanskelege hendingar som abort, sex-affærar, rusmisbruk og familieløyndomar blir bretta ut.

Nå skal heile offentlegheita få vite det berre eit fåtal i familien har visst. For Koht er det viktig å sprekke fasaden, og slå hol på skamkjensla om det som skal vere ei mørk familiehistorie.

– Skamma er så destruktiv, seier ho.

Ho vil også at boka skal vise at ho er sårbar, og morosam og klok – trass i alt det tøffe.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober