Christine Koht er kreftsjuk

Komikaren Christine Koht avlyser alle framsyningar, både på turné og på Latter i Oslo, melder VG. Grunnen er at ho har fått kreft.

Christine Koht

Christine Koht avlyser alle dei planlagde framsyningane av «Bør jeg være bekymret?» fordi ho har fått kreft. Ho blei operert for ein svulst i fjor, men det viser seg no at kreften har spreidd seg.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Christine Koht er aktuell med framsyninga «Bør jeg være bekymret?» etter at ho blei operert for ein svulst i fjor. Operasjonen gjekk fint, men no må ho avlyse alle dei planlagde framsyningane fordi ho er sjuk og må ha behandling mot kreften som har spreidd seg.

– Alle tankane våre går til Christine og dei rundt henne. Vi håper og ber om at dette fantastiske fyrverkeriet av eit menneske skal bli frisk og komme tilbake til oss og scenen, seier produsent Elina Krantz i Stand Up Norge til VG.

Ho ber om at Koht skal få fred og ro slik at ho kan konsentrere seg om å bli betre. Samtidig som ho på vegner av komikaren takkar for all støtta og dei gode tankane som har blitt sendt til henne

Skreiv om sjukdommen

Christine Koht kom sjølv med den triste meldinga om at ho var sjuk i si faste spalte i A-magasinet. Rett etter nyttår skreiv ho at ho var sjuk, og at ho kom til å vere ein del på sjukehus i tida framover.

– For nokre månader sidan falt eg ned i ei Alice i Eventyrland-verd der ting som før var sjølvsagde og ordna, ikkje lenger er det. Det skjedde på eit usedvanleg vanleg legekontor, der ein usedvanleg vanleg lege fortalde at eg har ein alvorleg sjukdom.

Stand Up Norge seier publikum som skulle ha sett dei avlyste framsyningane til Christine Koht kan ta kontakt med dei ulike spelestadane for å få refundert pengane.

Kulturstrøm

  • Diop fikk pris

    Regissør Mati Diops "Atlantics" fikk Juryens Store Pris under Cannes Film Festival lørdag kveld. Diop var første svarte kvinne til å bli nominert. Det er den nest-mest prestisjefylte prisen i Cannes etter Gullpalmen.

  • Palme d'Or til Bong Joon-ho

    Bong Joon-ho vant, som første sørkoreaner, hovedprisen, Gullpalmen, under filmfestivalen i Cannes for den kritikerroste svarte komedien 'Parasite', som handler om klasseskille i landet.

    X02520
    Foto: STEPHANE MAHE / Reuters