Hopp til innhold

Christine Dancke blir dommar i Stjernekamp: – Ein draum

Christine Dancke tar over som ekspertdommar i den populære musikkonkurransen. – Stjernekamp skal vere ein trygg arena for å vise seg fram, seier Dancke.

Christine Dancke

Christine Dancke gler seg til å bli ny ekspertdommar i Stjernekamp – eit program ho har følgt med frå starten av.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Eg diggar konseptet, eg elskar musikk og er glad i å vere eit menneske som kan vere til støtte for nokon, seier Christine Dancke.

Frå hausten av tar ho over rolla som ekspert etter Mona B. Riise, som takkar av etter ti sesongar med den populære musikkonkurransen.

Den rutinerte programleiaren har vore sentral i norsk musikkbransje i ei årrekke og har lang fartstid i NRK.

Dancke leia blant anna musikkmagasinet «Christine» på P3. I tillegg har ho vore programleiar for P3 Gull, Spellemannprisen og VG-lista Topp 20. Ho står også bak portrettserien «HAIK».

I dag driv ho eige produksjonsselskap og podkast.

Christine Dancke

Christine Dancke driv i dag produksjonsselskapet Vrang, og produserer podkast.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

– Ein draum

Sjølv om ho har mange jern i elden, ser ho fram til å bli fast inventar i Stjernekamp.

– Stjernekamp er ein arena som handlar om musikk og livet til menneske som vi får følgje reisa til.

– Dette er menneske som har våga å gi seg ut seg ut på noko som er utanfor deira komfortsone. Musikk betyr mykje for menneske og er ein integrert del av oss. Det å kunne vere vitne til det er ein draum, fortel Dancke.

Grundige tilbakemeldingar

Dancke beskriv seg sjølv som ein ærleg dommar som er oppteken av at artistane får konstruktive tilbakemeldingar.

– Det å gi ordentlege tilbakemeldingar er ei form for kjærleik. Det viser at du investerer tid i ein person sitt arbeid som du ønsker skal få ut sitt potensial.

– Hadde vi vorte flinkare til sjå på slike tilbakemeldingar som ei form for kjærleik, så hadde vi også tolt større breidde i tilbakemeldingane, påpeiker ho.

Det er også viktig for ho at artistane blir tatt på alvor uansett kva dei har gjort før i livet. Og at dei føler seg velkomne.

– Stjernekamp skal vere ein trygg arena for å vise seg fram. Her skal artistane få skine uansett musikalsk og karrieremessig bakgrunn, seier ho.

Christine Dancke

Christine Dancke blir engasjert når ho snakkar om musikk.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Lar seg ikkje lure

Dancke er over gjennomsnittet musikkinteressert, var ein av dei største musikkprofilane i NRK fram til 2020 gjennom programmet «Christine».

38-åringen har alltid vore engasjert i å fremje nye talent og har mykje kunnskap som ho vil ta med seg vidare i Stjernekamp.

– Eg kjenner sjangrar veldig godt og er ikkje så lett å lure slik sett, seier ho og smiler lurt.

– Eg er også god på å gjenkjenne ei stjerne når eg ser ei. Eg har augo og øyrar på rett tid, fortel ho.

– Ein driven musikkjournalist

Etter ti sesongar i sjefsrolla vel Mona B. Riise å gi seg, og ho skal den neste tida ta fatt på andre prosjekt.

Ho føler seg heldig som har hatt det ho beskriv som «10 fantastiske år i Stjernekamp.»

– Det har vore så gjevande å oppleve 100 artistar som ikkje berre har utfordra seg sjølve, men også vakse så utruleg mykje i løpet av ein sesong, seier ho.

Bjørn Tomren, Stjernekamp-vinner 2021, med trofeet på scenen sammen med ekspertdommer Mona B. Riise

Mona B. Riise saman med Bjørn Tomren som vann i 2021.

Foto: Julia Marie Naglestad

Riise understrekar at det blir fint med ei ny stemme.

– Christine er ein driven og veldig dyktig musikkjournalist med eit hjarte som verkeleg bankar for musikk.

– Unik kompetanse

Stjernekamp hadde ein pause i 2022, men til hausten skal ti nye artistar kjempe om å bli Noregs ultimate entertainer.

Prosjektredaktør for Stjernekamp, Pia Basberg, ser fram til at NRKs flaggskip kjem tilbake på skjermen.

– Vi gler oss til ein ny sesong og ønsker vår nye ekspertdommar hjarteleg velkommen. Christine er unik i sin musikkompetanse, seier Basberg.

Samtidig vil ho takke Mona B. Riise for ein eineståande innsats gjennom ti år i Stjernekamp.

– Mona har hatt ei helt sentral rolle i prosjektet gjennom alle sesongar. Ho har tilført programma glede, fagleg kompetanse, tårer, humor og kjærleik, seier Basberg.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.