Hopp til innhold

Han erstattar Top Gear-Clarkson

Skodespelar, bilentusiast og programleiar Chris Evans tek over som ny programleiar av Top Gear.

Chris Evans

NY CLARKSON: Chris Evans blir den nye programleiaren av BBC sitt mest populære program, Top Gear.

Foto: STR / REUTERS

Den har storma rundt Top Gear etter at den kontroversielle og populære Jeremy Clarkson fekk sparken. No skriv BBC på sine heimesider at 49 år gamle Chris Evans blir ny programleiar.

– Eg lovar å gjere alt eg kan for å respektere det som har blitt gjort før, og samtidig ta showet vidare, seier Evans til BBC.

Kjøpte bil til 140 millionar

NRK har tidlegare skrive at Evans var ein heit kandidat til å ta over etter Clarkson. I tillegg til at han er ein kjent programleiar i spesielt Storbritannia, så er han også bilgal.

Han har ei enorm bilsamling, krona av ein Ferrari 250 GTO frå 1963. Den bladde han opp 140 millionar kroner for. Evans har signert ei kontrakt med BBC og skal lede Top Gear i tre år.

Jeremy Clarkson har fått sparken

SVOLTEN OG GRINETE: Jeremy Clarkson fekk sparken etter at han skal ha slått til ein produsent av Top Gear, fordi det ikkje var varm mat klar etter filming,

Foto: PETER NICHOLLS / Reuters/NTB Scanpix

Sparka etter mat-vald

Tidlegare programleiar Jeremy Clarkson fekk sjefane i BBC på nakken fleire gonger etter mange kontroversielle episodar. Men nok var nok då han slo til ein BBC-produsent då det ikkje var varm mat klar etter filming.

Clarkson har seinare beklaga oppførselen og har no fått mange tilbod om å lage nye bilprogram. BBC skriv ikkje noko om det blir fleire som skal lede Top Gear saman med Evans.

Tidlegare har Clarkson sine med-programleiarar James May og Richard Hammond sagt at dei ikkje vil fortsette utan han.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober