Kjartan Fløgstad fekk ordenen denne veka ved ein seremoni i den chilenske ambassaden. Han fekk den mellom anna for å ha spreidd kunnskap om chilensk politikk og kultur gjennom bøkene "Eld og vatn", "Sudamericana", "Paradis på jord" og gjendiktning av Pablo Neruda.
Kjartan Fløgstad
Ein medalje, eit diplom og ein miniknapp til jakkeslaget i fargane til det chilenske flagget. Bernardo O'Higgins-ordenen er den første ordenen denne forfattaren har motteke.
Gammal kjærleik
- Kjærleik syner seg på mange måtar, seier Kjartan Fløgstad, som særleg satte pris på at den kom frå antipodene. Det er umogleg å kome lenger bort frå Noreg enn Chile. Eg har hatt eit kjærleiksforhold til Chile som har vart i 35 år. Det er godt å føle at det er gjengjeldt.
Bok om Snøhetta
Kjartan Fløgstad har nyleg gjort ferdig ein bok om arkitektfirmaet Snøhetta. Boka vil etter planen kome ut til våren. Han har alltid veksla mellom fagprosa og skjønnlitteratur. Han debuterte som lyrikar, men ser alle bøkene som litterært arbeid.
Roman og dikt
Den siste romanen Fløgstad gav ut, "Paradis på jord" fra 2002, er nettopp komen ut i billigutgåve. Den handlar om chilenaren José Andersen som har norsk far. Ein dag dreg han til Noreg med håp om å finne ein stor arv. Han kjem hit med blikket til ein chilenar.
I fjor gav Fløgstad ut ei omdikting av "Los versos del Capitan". Ein diktsamling som fekk norsk tittel, "Kapteinens vers". Den inneheld, ifølge Fløgstad, nokre fabelaktige kjærleiksdikt, der Neruda har problem med å skille mellom kvinnekroppen som kontinent og kontinentet Sør-Amerika.
Om O'Higgins
Bernard O'Higgins var irsk innvandrar og mellom dei som stod i spissen for opprøret mot dei spanske koloniherrane tidleg på 1800-talet. Bernardo O'Higgins-ordenen er tidlegare gjeven til mellom andre Simon Wiesenthal.