Hopp til innhold

Charlie Sheen sendt til sjukehus

Skodespelaren Charlie Sheen er sendt til sjukehus i Los Angeles med sterke magesmerter, melder nettstaden TMZ.

Charlie Sheen

Charlie Sheen.

Foto: Chris Pizzello / Ap

45-åringen er den høgst betalte TV-skodespelaren i USA, og er kjend frå mellom anna «Two and A Half Men».

Sheen skal ha blitt frakta til sjukehus i ambulanse torsdag morgon lokal tid, ifølgje TMZ. To yngre kvinner skal ha reist frå huset hans på same tid, skriv The New York Post.

Ifølgje Reuters har Sheen den siste tida hatt problem med alkohol og narkotika.

Tidlegare denne månaden sa sjefane hans i TV-kanalen CBS at dei var alvorleg bekymra for han, men at han oppførte seg profesjonelt på jobb, og at «Two and A Half Men» ville halde fram.

Etter at Sheen kom til sjukehuset, skal han ha blitt liggjande å sove på akuttmottaket, ifølgje talsmann Stan Rosenfield. TMZ melder at ei kjelde på sjukehuset kallar tilstanden hans alvorleg.

Både far Martin Sheen, mora Janet Templeton og eks-kona Denise Richards skal vere på sjukehuset.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober