roblema kring årets svenske Melodi Grand Prix starta då Carola sendte inn sitt bidrag "Autum Leaf". Songen er skreve av Carola, men ville i utgangspunktet ikkje framføre songen sjølv. Det har skapt svært mykje bry for henne.
Arrangør av MGP i Sverige, Sveriges Television, har ein regel som seier at artisten som sender inn eit bidrag må synge songen sjølv, dersom SVT vil.
"Autum Leaf" er plukka ut til finalerunden men SVT vil helst at Carola skal framføre den sjølv.
Fleire rundar
Det har vore mykje fram og tilbake kring deltakinga. Carola vant finalen for Sverige med "Fängad av en stormvind" i 1991, og kom på tredjeplass i 1983 med "Främling". Denne gongen blir det ingen deltaking i det heile.
Carola har tidlegare sagt at ho kunne tenke seg å vere med, i og med at ho ville ha feira 20 års jubileum som deltakar. I etterkant har det vist seg å bli vanskeleg. Carola vil nemlig ikkje synge sitt bidrag sjølv, noko SVT ikkje er samd i.
Carola har tidlegare opptrått i Melodi Grand Prix fleire gonger. Her under den norske finalen saman med Jan Teigen i 2001. Foto: NRK.
Dei siste vekene har diskusjonen gått fram og tilbake mellom Carola og artistansvarleg for SVT, Christer Björkman. Carola har fleire gongar bede om lengre tid til å tenke om ho eigentleg vil synge songen sjølv.
"Både Carola og vi har prøvd å finne alternativ utan å lykkast, difor veljar vi no å gi plassen til eit anna bidrag", seier Björkman til Aftonbladet.
I staden for Carola, får songen "Stay the night" av Christer Sandelin, Jonas Stadling, Olle Törnström, Brian Hobbs och Tommy Ekman sjansen. Kven som skal framføre den er heller ikkje klart, med andre ord soga om MGP i Sverige fortsett.