Per Olav og Alex på tur ut i skogen. Foto: NRK
Alex og eg drar ut i skogen for å sjå etter nokon som byggjer hytter. I tillegg byggjer dei demningar. Då veit du kanskje kva dyr eg snakkar om? Riktig, beveren! Dersom beveren ikkje har fått laga seg demning og hytte innan vinteren kjem, kan det hende han døyr. I tillegg må beverfamilien sanke mykje mat og lage eit lager utanfor hytta. Dette lageret lever familien på gjennom heile vinteren.
Skogsarbeidar
Beveren gnagar på eit tre. Foto: BBC
Beveren er reine skogsarbeidaren. Det oppdagar Alex og eg då vi er ute og går i skogen. Plutseleg kjem vi til eit veldig vått og sumpaktig område. Alex meiner at det kan vera teikn på at det er bever i nærleiken. Vi går litt lenger og finn fleire tre og pinnar som er gnaga av. No er vi tydelegvis ikkje langt frå beverdemninga.
Beveren har altså laga sumpområdet og rydda vekk mykje skog. Det er tydelegvis nokre arbeidsame dyr, dette her.
Beverdemninga
Her er ei typisk beverdemning. Foto: BBC
Plutseleg kjem vi fram til ei elv som nesten er utan vatn. Og berre nokre meter lenger opp ser vi ei stor demning. Den er det beverfamilien som har laga. På oppsida av demninga har det danna seg ein stor dam. Ikkje rart elva nesten er tørr. Her òg er det lagt ned eit kjempearbeid.
Eg blir heilt imponert over beveren!
Men vi ser ingen bever. For å få betre utsikt går Alex og eg på oppsida av demninga og dammen.
Per Olav og Alex fekk i alle fall sjå spor etter beveren. Foto: NRK
Om vi ser bever, får du følgje med i sendinga på søndag og finne ut av. Sjå en smakebit av sendinga: Smakebit bever