Ein av dei mest kjende skodespelarane i landet er jaga på flukt, og den populære komikaren Zarganar, som vart arrestert tidleg denne veka, er ikkje komen til rette.
Oppmoda folket
Den burmesiske komikeren Zarganar
Foto: APDen populære komikaren Zarganar er kjend i Burma for å tore å kritisere regimet. Denne veka gjekk han ut og støtta demonstrasjonane og oppmoda folk om å delta. Onsdag vart han arrestert, og sidan har vi ikkje høyrt frå han, seier sjefredaktør i radiokanalen Democratic Voice of Burma, Ave Chan Naing.
- Vi er veldig bekymra for han - spøkane hans er kjende over heile landet, så det er ein bekymringsverdig situasjon.
Også Aung Way, ein kjend forfattar, skal vere arrestert etter å ha støtta demonstrasjonane, ifølge nyheitsbyåret AP. Redaktør Ave Chan Naing fortel at situasjonen no er svært farleg for fleire kunstnarar i Burma, og at ein av dei mest kjende skodespelarane i landet er jaga på flukt.
- Det er ein farleg situasjon for mange av kunstnarane som uttrykkjer meiningar fritt. Mellom anna er ein av dei mest kjende skodespelarane i Burma, som har vore veldig engasjert i humanitært arbeid, jaga på flukt.
Streng sensur
Medan hendingane i Burma har prega overskriftene i internasjonale media i fleire dagar, gir burmesisk media eit anna bilete. All media er under statleg sensur - noko som fører til usanne framstillingar, hevdar Naing.
- Dei seier det berre er ein handfull munkar som står bak demonstrasjonane og at dei fleste munkane ikkje støttar dette.
Munker demonstrer i Burma.
Foto: STR / REUTERSMen folk i Burma får likevel vite kva som skjer, gjennom informasjon frå utlandet, seier Naing:
Det er svært få utanlandske journalistar i Burma - og for dei som er der er situasjonen farleg. I går vart ein japansk fotojournalist drepen, og i følgje Democratic Voice of Burma, var burmesisk politi i går på jakt etter ein skadd CNN-journalist.
- Eg trur dei prøver å stoppe journalistane og kutte av informasjonsstraumen ut.
- Eg trur mange får informasjon frå utanlandske radiostasjonar. Vi er ikkje den einaste kanalen som sender frå utlandet til Burma. Fok er avhengige av utanlandsk kringkasting for å få informasjon om kva som skjer i landet.