Bruno Mars og Mark Ronson blir skulda for å ha stole «Uptown Funk» frå 80-tals gruppa The Sequence. Dette var ei av dei første kvinnelege rap-gruppene. Sangen det dreiar seg om er «Funk You Up» frå 1979, skriv kjendisnettstaden TMZ.
Ein representant for gruppa, Kali Bowyer, seier «hooken» er den same på begge songane, i tillegg til fleire andre likskapar.
Her kan du samanlikne songane sjølv:
Prøver å unngå søksmål
The Sequence har førebels ikkje gått til sak, men seier dei no raslar med sablane.
Det er ikkje første gang Ronson og Mars har blitt skulda for tjuveri. I fjor hevda 70-talsgruppa Gap Band at «Uptown Funk» også var for lik deira store hit «Oops, Up Side Your Head».
Ronson valde den gongen å kreditere fleire som opphavsmenn for å unngå å hamne i same situasjon som Pharrell Williams og Robin Thicke som måtte betale familien til Marvin Gaye fordi hitten deira, «Blurred Lines», likna for mykje på «Got to Give it Up» av Gaye.
«Uptown Funk» fekk Grammy for «Årets plate», og var den mestseljande singelen i fjor.