Bruker nettet mot demonstrantane

Regimet i Iran legg no ut bilete og video av demonstrantar på nettet, for å identifisere motstandarane sine.

Demonstrasjon i Iran
Foto: Str / REUTERS

Kilde: NRK

Internett har vorte nytta aktivt til å få ut informasjon om det som har skjedd i Iran etter valet 12. juni. Dette har ført til at store delar av verda sympatiserer med dei iranske demonstrantane. Fleire nettaviser har etter demonstrasjonane gjort det mogleg å leggje ut bilete og namn til sakna og arresterte.

No svarer regimet i Iran på dette med å leggje ut bilete av demonstrantar. Dette gjer dei for å få identifisert fleire av motstandarane sine.

Falske tilståingar på nettet

Regimet har skjønt at også dei må ta i bruk internett, dersom dei skal klare seg gjennom konflikten.

- Dette er skremselspropaganda. Dei vil unngå at folk skal gå ut i gatene og demonstrere. Dei ynskjer ro slik at dei skal få tid til å tenkje ut mottiltak mot dei reformistvenlege, seier Iran-kommentator Arezo Naghavian.

I tillegg legg dei iranske styresmaktene også ut videoopptak av demonstrantar som tilstår.

- Dei vert tvinga til å tilstå at dei anten tilhøyrer Folkets muhajedin, eller at dei er britiske agentar. Iranarar som har vorte utsett for slikt tidlegare, har fortalt om korleis dei har vorte pressa til å kome med falske tilståingar, fortel Arezo Naghavian.

Tviheld på makta

Regimet strammar no altså grepet om det iranske folket endå meir.

- Dette handlar om å ikkje miste makta, og unngå at demonstrantane får det som dei vil, seier Arezo Naghavian.

Iranske styresmakter opplyser at 1000 menneske er arrestert, medan andre iranske kjelder seier til vestleg media at det kan vere snakk om 5000.