Hopp til innhold

Iransk dataspelkrig mot vesten

Ved hjelp av 140 data- og videospel skal Iran spreia kulturrevolusjonen. Det eine handlar om å drepa forfattaren Salman Rushdie.

Forfatter Salman Rushdie

Dødsdommen mot forfattar Salman Rushdie har gjeve inspirasjon til eit nytt iransk dataspel.

Foto: ANDREW WINNING / Reuters

– Me har utvikla 140 spel med islamsk og iransk innhald som kan konkurrera med utanlandske produkt, seier Mokhber Dezfouli, ved kulturrevolusjonens høgste råd i Iran, til Fars News Agency.

Målet er å spreia den iranske revolusjonen til ungdommen ved hjelp av nye data- og videospel.

Den norskiranske medieforskaren Sharam Alghasi samanliknar dette med Mao sin kulturrevolusjon.

– Den iranske leiarskapen bruker propaganda for å oppdra ein nasjon av ungdom som tenker annleis og opposisjonelt, seier Alghasi.

Sharam Alghasi

Sharam Alghasi trur ikkje Iran vil lukkast med å overbevise fleire unge med dataspela.

Foto: Universitetet i Oslo

Fatwa blir til dataspel

Eit av dei 140 spela handlar om å drepa Salman Rushdie. Spelet er utvikla av ein statssponsa iransk studentorganisasjon, og har arbeidstittel «Det stressande livet til Salman Rushdie og implementeringa av dommen hans.»

«Dommen» som spelet refererer til er fatwaen som Ayatolla Khomeini utstedte mot forfattaren Salman Rushdie i 1989. Fatwaen krev at Rushdie skulle drepast på grunn av blasfemi i boka «Sataniske Vers».

Målet med å avretta ein enkelt person skil seg frå vestlege valdsspel, seier NRK sin spelmeldar, Andreas Opsvik.

– Det er vanlegare med ein ålmenn arabisk fiende i vestlege spel, seier Opsvik, som peikar på at muslimar har overteke plassen til nazistar og russarar som «fienden» i vestleg populærkultur.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mideast Iran Computer Games Exhibition

Iranske ungar med ein spelkonsoll forma som ei rifle, på spelmesse i Tehran.

Foto: Vahid Salemi / Ap

«Kulturell krigføring»

– Dette er kulturell krigføring, og ein slags motreaksjon. Dei føler dei er martyrar i denne krigen, seier Sharam Alghasi.

Han samanliknar dei komande islamske spela med amerikanske «Battlefield 3», der handlinga mellom anna finn stad i Iran.

– Dei følgjer den same forteljinga der nokon er gode og nokon er vonde. Men her er det muslimane som er gode, seier Alghasi.

LES: Salman Rushdie vant over Facebook

Iran har tidlegare klaga på at «Battlefield 3» finn stad i Teheran, skriv Fars News Agency. No svarer dei med spelet «Attack on Tel-Aviv». Alghasi trur ikkje den iranske leiarskapen kjem til å lukkast i propagandakrigføringa.

– Dei kjem ikkje til å nå fram hjå unge som ikkje alt har desse meiningane. Det iranske samfunnet er ganske mangfaldig og dynamisk. Dei kjem ikkje til å ta dette for god fisk, seier Alghasi.

Høyr radioreportasje om den kulturelle krigføringa her:

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)