NRK Meny
Normal

– Frigjer Tate Britain!

Britiske kunstnarar støttar denne sommaren ei rekkje demonstrasjonar mot kulturinstitusjonar som er sponsa av BP.

Demonstrant mot BP utanfor Tate Britain

«Artists are angry» var beskjeden frå denne demonstranten utanfor Tate Britain.

Foto: Carl Court / Afp

Dei meiner at kunsten ikkje bør skitnast til av pengar frå selskapet som står for det enorme oljeutsleppet i Mexicogulfen.

– Frigjer Tate, laud slagordet frå aksjonistane utanfor Tate Britain-museet i London førre veke.

Museet har vore sponsa av BP dei siste tjue åra. No har til saman 171 aktørar frå bristiske kulturverda har skrive under på eit opprop der dei fordømmer BP si sponsing av kulturinstitusjonar.

Det har vorte arrangert fleire slik demonstrasjonar etter at oljeriggen Deepwater Horizon eksploderte i Mexicogulfen 20. april. Og utover sommaren vert det fleire demonstrasjonar, ifølgje organisasjonen Platform, som står bak.

Tate Britain teier

Bridget Mckenzie, tidlegare tilsett ved Tate Britain er opprørt over koplinga mellom kunst og miljøureining.

– Det eg saknar er ei breiare mediedekning er i tilknyting til Deepwater Horizon. Dette handlar ikkje berre om skader på dyrelivet og kysten av USA. Det handlar om klimaendringar, seier McKenzie.

Demonstrantar utanfor Tate Britain

Demonstrantar spreier olje og fjør utanfor Tate Britain.

Foto: DOMINIC LIPINSKI / Ap

Ho var difor ein av dei som demonstrerte utanfor Tate Britain, då museet førre veke feira at BP hadde vore sponsoren deira i 20 år.

Tate Britain ynskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK, men skriv i ein e-post at sponsinga har gjeve dei høve til ha dei utstillingane dei har hatt.

BP seier sponsing er deira måte å bidra med noko positivt til samfunnet. Oljeselskapet seier at dei forstår frustrasjonen over at oppryddinga etter oljeutsleppet tek tid, men dei håper likevel at forholdet til kulturinstitusjonane vil vare.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.