NRK Meny
Normal

Brennpunkt à la Dogville

- Kva med å lage ein Dogville, spurte producer Sven Bæren fotograf Bjørn Holmgren. Det blei det forløysande spørsmålet som realiserte dokumentaren om korleis oljenæringa klarte å attopne delar av Barentshavet for oljeboring. "Spillet om oljen" skriv norsk dokumentarhistorie.

Brennpunkt: Spillet om oljen
Foto: NRK

Her lar vi deg få eit innblikk i korleis ein NRK-produksjon kan løysast.

Journalist Rune Ytreberg i Brennpunkt hadde samla solid dokumentasjon i form av møtereferat, postlister, skiftlege og munnlege kjelder – i alt hundrevis av sider. Desse sendte han til Brennpunkt-producer Svein Bæren.

Ytreberg visste berre ikkje heilt korleis dette kunne løysast som dokumentar utan å ty til eksteriørbilete av bygningar og arkivklipp. Derfor kontakta han fotograf Bjørn Holmgren. Og saman fann dei ei løysing som er langt frå ein tradisjonell dokumentar.

Tørt stoff

- Stoffet var veldig tørt, men det viste korleis oljenæringa systematisk arbeider og tenkjer. Og det viser ei samrøre mellom næringa og Olje- og energidepartementet, fortel Bæren.

Ettersom stoffet handlar om spelet frå næringa si side, dukka ideen om å lage eit spel av stoffet. Det blei for teknisk vanskeleg og blei derfor lagt bort. Så dukka løysinga med dramatisering opp.

Brennpunkt: Spillet om oljen

Tidlegare olje- og energiminister Einar Stensnæs på storskjem og statistar rundt bordet.

Foto: NRK

Ideen veks fram

- Vi bestemte oss for å visualisere kontora i studio ved hjelp av rekvisittar, statistar, ljos og to store lerret. Så skreiv vi manus og kommentarane, og laga så ei dreiebok.

Med manus og klare idear om at kameravinkelen skulle vere som i Lars von Triers Dogville og ljossettinga skulle vere som i Gudfaren av Francis Ford Coppola, nytta eit utradisjonelt NRK-lag ei veke på innspeling.

- For ein dokumentarist var det rart å samarbeide med folk som arbeider med dramaproduksjon, med kostyme, scenografi og rekvisittar. Og dei uttrykte også stor begeistring for prosjektet. Det var fint å kjenne på all kompetansen som finst i huset, og at alle var villige til å bli med på noko nytt.

Se presentasjonen av det komplekse nettverket: Brikkene i olje-spillet

Varsam av tidlegare kritikk

NRK Brennpunkt har tidlegare fått kritikk, mellom anna frå Kringkastingsrådet, for å nytte dramaturgiske grep som musikk i dokumentarane. Dei har gått langt i retning av fiksjonsdramaturgi, men krava til fakta er ikkje fira på.

- Det finst ingen faktafeil og vi har vore særs sparsommelege med å bruken av replikkar i dei dramatisert delane.

Legg ikkje skjul på noko

Bæren fryktar ikkje eventuell kritikk, men er spent på korleis publikum tar imot filmen.

- Vi er tydelege i starten om grepa vi har tatt, og legg ikkje skjul på noko, seier produsenten. Dette er langt frå ein floge-på-veggen-dokumentar og er ein milepæl for dokumentarsjangeren, i alle fall i Noreg.

Sjå "Spillet om oljen" i Nett-TV

Kulturstrøm

  • Iselin Steiro på coveret av Vogue

    Norges supermodell Iselin Steiro (32) er på forsida av franske Vogue. For syvende gang. August-utgaven av det toneangivende motemagasinet er dedisert til sterke kvinner. I den anledning har den norske supermodellen klipt av seg sitt lange, blonde hår til fordel for en såkalt pixie cut, skriver magasinet Melk & Honning. Bildet er tatt av motefotografen David Sims. Arkitektstudent Iselin Steiro har engasjert seg i bykultur innimellom modelljobbinga. Les hennes kronikk «Gater til folket».

    Laster Instagram-innhold
  • Nesbø håvet inn i 2017

    Jo Nesbøs selskap Skriveverkstedet bokførte i fjor inntekter på 16,1 million kroner, melder Finansavisen. Dermed har inntektene økt markant siden 2015 og 2016 (henholdsvis 7,6 og 5,9 millioner kroner). Nesbø markerte 20-årsjubileet sitt som krimforfatter i 2017. Feiringen kom i form av rekordopplagsromanen «Tørst».

    – Jeg har ikke de eksakte salgstallene for hånden, men vi solgte ut førsteopplaget på 300.000, uttaler Vidar Strøm Fallrø i Aschehoug forlag.

    Utenlandssalget inkludert skal Nesbø (58) ha skuffet unna anslagsvis 35 millioner bøker i løpet av karrieren (NTB).

    Jo Nesbø
    Foto: Aschehoug Forlag
  • God ny sesong av Netflix-serie

    «Orange Is the New Black» er fremdeles tipp topp TV-selskap når den vender tilbake for sin sjette sesong, men denne gangen sitter ikke den overhengende spenningshistorien like godt, mener P3s anmelder. Han gir terningkast fire.

    Orange is the new black
    Foto: Netflix