Hopp til innhold

Brannsjef droppar brannmann Sam – meiner han er gammaldags

Brannmann Sam er gammaldags, meiner ein engelsk brannsjef. No kuttar han all bruk av barne-TV-figuren i reklamar og informasjonsmateriell.

Brannmann Sam

FÅR KRITIKK: Serien om brannmann Sam fekk kritikk i 2016 etter at det blei vist ei side frå Koranen i serien. Episoden blei seinare trekt tilbake. No seier ein brannsjef i England at dei ikkje vil bruke brannmann Sam i profileringsmaterialet fordi barne-TV-figuren er utdatert.

Foto: HIT Entertainment/NRK

Då brann- og redningstenesta i Lincolnshire nyleg skulle ha open dag, fekk dei mange negative tilbakemeldingar på at dei brukte brannmann Sam på plakaten, skriv lokalavisa the Lincolnite.

Mange meinte barne-TV-figuren ikkje var inkluderande nok. Pågangen var så stor at brannvesenet bestemte seg for å droppe brannmann Sam til fordel for dei lokale figurane Freddy og Filbert.

– Brannkonstablar over heile landet og innbyggarar lokalt har stilt spørsmål ved om brannmann Sam er representativ for tenesta i dag, både når det gjeld jobben i seg sjølv og arbeidsstyrken vår, seier brannsjef Les Britzman til avisa.

Kvinnediskriminerande

Kritikarane meiner blant anna at serien burde fått eit meir kjønnsnøytralt namn fordi dei meiner dagens tittel gjer at jenter ikkje vurderer brannkonstabel som eit mogleg yrke.

– Mange kvinner ønsker ikkje å bli brannkonstabel på grunn av framstillinga i program som «Brannmann Sam», seier Britzman, ifølgje Sky News.

I England er 5,2 prosent av brannkonstablane kvinner.

TV-serien frå den fiktive landsbyen Pontypandy i Wales har gått på britiske skjermar sidan 80-talet. I Noreg blir serien blant anna vist på NRK Super.

Les: Stopper all filmvisning etter at førskolebarn ble redd av Albert Åberg-film

Les: Fryktet reaksjoner på at barn kastes foran lastebil på NRK Super

Det er ikkje første gong serien har fått kritikk. Også i mars blei det peika på bruken av brannmann i tittelen. Då var det brannvesenet i London som meinte at barne-TV-seriar som «Brannmann Sam» og «Peppa Gris» kvinnediskriminerande, skriv Sky News.

I dag har dei uttrykt støtte til brann- og redningstenesta i Lincolnshire.

Laster Twitter-innhold

I 2016 blei ein episode trekt tilbake fordi figuren brannmann Elvis sklir på ein bunke papir, blant anna ei side frå Koranen. Episoden blei også klaga inn for det britiske medietilsynet, der han blei frikjent.

Forsvarar serien

Avgjerda til brannsjefen i Lincolnshire blir kritisert av fleire som meiner serien allereie er politisk korrekt nok med blant anna figurar som har funksjonshemming og minoritetsbakgrunn. I tillegg har den kvinnelege brannkonstabelen Penny Morris vore ein del av teamet på brannstasjonen i lang tid.

Blant dei som reagerer, er nestleiar for dei konservative i Londonforsamlinga, Susan Hall, som skriv på Twitter at ho ikkje forstår kritikken.

– Eg har brukt fleire timar på å sjå «Brannmann Sam» saman med barnebarna mine, og eg kan stadfeste at dette er det mest politisk korrekte programmet du kan tenke deg med kvinnelege brannkonstablar som gjer same jobben som Sam.

Laster Twitter-innhold
Piers Morgan

TV-programleiar Piers Morgan tek brannmann Sam i forsvar etter at brannsjefen i Lincolnshire har stempla han som gammaldags.

Foto: JOHN SIBLEY

Ein annan som har reagert kraftig på at brannmann Sam har blitt avskilta, er programleiar for «Good Morning Britain», Piers Morgan. Då han intervjua brannsjefen i Lincolnshire, kalla han avgjerda for hyklersk og sludder, skriv Express.

Morgan følgde opp på Twitter med at mange kvinner vel bort Posten som arbeidsplass på grunn av «Postmann Pat» og at menn ikkje blir eventyrarar på grunn av «Dora the Explorer».

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP