Det var høg puls, raske pengar, tap og vinn. Det krydde av unge forretningsgeni, utan hår på brystet eller dress og slips, men med puddel i band og behageleg fritidsantrekk, lett avslappa ved ein kontorpult. På dataskjermen strøyma millionane inn – og ut. Det var tilgang på heile verda, og livet var for mange ein evigvarande dag på tivoli.
Braket
Så kom krakket. IT-bobla sprakk. Forretningsgeniet hadde vorte arbeidsledig og skyhøge inntekter hadde rett og slett forsvunne ut i det blå. Det var meir som om straumen hadde gått på tivoliet og karusellen stoppa opp.
Et par ser på datautstyr som blei solgt på tvangsauksjonen etter eit konkurs dot-com firma i USA. På få år brendte IT-bransjen i USA opp fleire milliardar dollars. Foto: Eric Risberg / AP Photo
Men kvifor kom den brå braklandinga?
Uante høgder
Jo, totalkollapsen var eit resultat av ei enorm auke og ein kjempevekst i heile IT-bransjen, som var forårsaka av den store nyskapinga Internett. Internettet kom for fullt frå 1995 og utover, og det vaks mot utrulege høgder. Nærmast langt opp i himmelen. Men alt hamnar på jorda att – før eller sia.
Tilbake til start – og litt til
Produktet Internett var godt, men bransjen var nok overoptimistiske. Dei trudde at alt ville vekse oppover. Og oppover. Og oppover. Alle fekk ei tru på at det ville skje. Og difor vart store delar av livet lagt til nettet, med nettbutikkar, nettaviser, forretningsdrift på nettet og kommunikasjon med vener, familie og ukjende, på nett. Alle dei ulike tenestene vaks samtidig, og alle kasta seg over det same. Også sprakk idyllen, og bransjen kjente brått jorda under føtene. Han sank under det nivået han hadde starta i frå.
Avblomstring i andre bransjar
Tulipankrakket i Holland var eit av dei første krakka. Illustrasjonsfoto: Anders Standal / SCANPIX
Men det er ikkje berre IT-folk som har gått på ein smell. Dei økonomiske nedturane skjer med jamne mellomrom og i heilt ulike bransjar.
Tulipankrakket i Holland var eit av dei første krakka. For der var det ein enorm ekspansjon i prisen på tulipanlauk, som enda brått, langt under jorda.
Men i likskap med dei fleste andre som har hatt ein formsprekk, så blomstra tulipanbransjen opp att, i eit roligare tempo denne gongen. Det same skjedde med IT-bransjen.
I dag er det trygt å drive i denne bransjen. Lynet slår ikkje ned to gonger på same staden, heiter det seg, og slik er det med krakk òg; det skjer ikkje to gong på same stad. IT-bransjen utviklar seg no oppover, men ikkje heilt til himmels denne gongen, får vi tru. Glamouren har lagt seg litt, og himmelen har synt før at han har ei øvre grense.
Klikk i lenka på høgre side og høyr intervju med Tore Holmesland, amanuensis ved Noregs Handelshøgskole, om IT-krakket.
Norgesglasset NRK P1