Universitetsaulaen ved Universitetet i Oslo er utsmykka med fleire av dei verdskjende kunstverka til Munch, og er ein sentral arena for konsertar.
Store namn som Martin Luther King har teke imot Nobels fredspris i aulaen, der prisen blei delt ut frå 1947 til 1989.
UiO har fram til no hatt avtalar med 15 utvalde aktørar innan kunst og musikk. Avtalen har mellom anna gjort det mogleg å leiga aulaen til ein lågare pris.
I Nyhetsmorgen onsdag fortalde NRK at UiO no har sagt opp avtalen. Aktørane NRK har snakka med hevdar det skjedde utan forvarsel. Høyr innslaget under:
– Institusjonar som oss planlegg gjerne to sesongar fram i tid, så dette betyr at me ikkje kan planlegga fleire sesongar framover. Det er ein dramatisk situasjon for oss, sa direktør Per Erik Kise Larsen i Det Norske Kammerorkester til NRK tysdag.
Rektor erkjenner dårleg kommunikasjon
Ifølge samarbeidspartnarane NRK har snakka med, kom e-posten om oppseiing like før sommarferien starta. Etter at radiosaka blei sendt onsdag morgon, tok rektor ved UiO kontakt med NRK.
– Eg ser me har kommunisert for dårleg og vil jobba vidare med dei gode samarbeidspartnarane våre for å finna løysingar, erkjenner rektor Svein Stølen ved UiO.
LØYSING: Svein Stølen hevdar det ikkje er grunn for Det Norske Kammerorkester å frykta. Han meiner UiO skal finna gode løysingar for samarbeidspartnarane sine.
Foto: Andreas de Brito Jonassen / NRKIfølge Stølen er UiO veldig opptatt av at aulaen skal vera ein viktig arena for kultur og konsertar. Stølen opplever at dialogen med samarbeidspartnarane deira har vore rimeleg tett heile vegen.
– Meiner du det har vore ein dialog om oppseiinga av avtalane?
– Det har vore dialog rundt heile samarbeidsforma. Me er heilt sikre på at me no skal komma fram til gode avtalar med samarbeidspartnarane våre bygd på gjensidig respekt og forståing, seier Stølen.
Har ikkje sett e-posten
Det Norske Kammerorkester har i 40 år hatt aulaen som heimebasen sin. Direktør Kise Larsen seier han er den første til å vera einig i at kommunikasjonen har vore dårleg.
– Me har hatt jamleg dialog med UiO-leiinga sidan våren 2019 og kome med innspel til korleis aulaen skal driftast. Men oppseiinga av avtalen kom aldri fram i noko av dialogen, seier han.
SKEPTISK: Direktør Per Erik Kise Larsen er skeptisk til framgangsmåten til UiO, men seier han må ta Stølen på ordet. Han håpar dei kan finna ei løysing på situasjonen.
Foto: DNK– Det er fint at han erkjenner den dårlege kommunikasjonen, men eg har snakka med fleire av samarbeidspartnarane i tillegg til UiO-tilsette. Me er fleire som ikkje trur at Stølen kan ha visst om denne e-posten, seier festivalsjef Gjøril Songvoll i Oslo Operafestival.
Stølen vedgår ovanfor NRK at han ikkje har sett e-posten som blei sendt ut.
Songvoll er også tidlegare kulturkonsulent ved UiO, og har kjent på frustrasjon knytt til drifting av universitetsaulaen.
For ho er dette dråpa som har fått begeret til å renna over. Ho hevdar at samarbeidspartnarane har opplevd å ikkje bli høyrt i fleire år.
Vil prioritera undervisning
Aktørane har også reagert på at det i e-posten om oppseiing stod at aulaen skulle prioriterast til undervisning. Stølen meiner det seier seg sjølv at årsaka til denne prioriteringa er at dei står oppi ein utfordrande situasjon med tanke på korona.
Kise Larsen har forståing for at ein må sjå etter andre løysingar grunna koronasituasjonen, men meiner det er feil løysing å bruka aulaen, som han meiner er til for andre formål, til undervisning.
– UiO må forstå at me ikkje kan halda opp med aktivitet i éin sesong for så å komma tilbake. Det er ikkje slik det fungerer i musikkbransjen. Om dei vil finna ei løysing, er ikkje det å legga undervisning til aulaen slik at det kjem i konflikt med konsertane våre, seier Kise Larsen.
Men aulaen skal ifølge Stølen husa 20 konsertar til hausten. I tillegg er 15 konsertar blitt avlyste mellom anna på grunn koronarestriksjonar.
– Me skal ta imot 30.000 studentar, og denne hausten er veldig spesiell. Det betyr jo ikkje at me ikkje klarer å ha nokre konsertar, seier Stølen.