Hopp til innhold

Boyband kjempar mot zombiar i ny film

Medlemmar frå boybanda Backstreet Boys og N Sync jaktar på levande døde, zombiar, i den komande filmen «Dead 7».

US-BALMAIN-X-H&M-COLLECTION-LAUNCH---PARTY

Backstreet Boys har gått saman med andre boyband frå 90-talet for å lage zombie-film

Foto: Nicholas Hunt / Afp

Manuset til filmen er skrive av Nick Carter i Backstreet Boys saman med Sawyer Perry. Carter har også ei rolle i filmen. Regien er ved Danny Roew, skriv nettstaden movieweb.no.

Zombie-western

«Dead 7» handlar om ein lurvete gjeng med revolvermenn som går saman for å stoppe ein invasjon av zombiar i det ville vesten. Og traileren for filmen blei sleppt på nettstaden Buzzfeed torsdag.

Filmen skulle, ifølge filmdatabasen Imdb, opphavleg heite «Dead West», men bytta etter kvart namn til «Dead 7». Det er b-filmspesialistane The Asylum som har produsert filmen, som blei spelt inn i Montana i løpet av ein dryg månad i fjor.

Populære boyband

I tillegg til Carter står fleire av medlemmane frå boybanda Backstreet Boys, N Sync, 98 Degrees, O-Town og All-4-One på rollelista. Frå midten av 90-talet var banda blant dei største stjernene i popen. Til saman har dei seld over 230 millionar plater på verdsbasis, og er framleis aktive også musikalsk. Backstreet Boys var i Norge seinast i 2014 då dei spelte i Kristiansand.

Men N Sync-medlemmen som kanskje har mest erfaring som skodespelar, tidlegare frontfigur Justin Timerblake, er ikkje med i filmen. Han har i tillegg til skodespelarkarrieren, vore svært suksessfull solokarriere innan musikken. Og ifølge Instagramkontoen hans er han no i studio med Pharrell Williams:

Filmen er laga for det amerikanske kabel-tv-selskapet Syfy som har spesialisert seg på sjangrar som science fiction, fantasy og skrekkfilm. «Dead 7» har premiere fredag 1. april.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.