Nesten to år etter den opphavlege premieredatoen hadde den 25. offisielle filmen om James Bond, «No Time To Die», premiere i 54 land fredag.
Filmen er utsett fleire gongar, blant anna på grunn av skifte av regissør og ein pandemi.
I opningshelga spelte filmen inn 119 millionar dollar, skriv The Hollywood Reporter. I Storbritannia sette filmen ny rekord som den best besøkte Bond-filmen i ei opningshelg i historia, skriv The Guardian.
I Noreg var det over 150.000 som fekk med seg filmen denne helga.
Uro blant fansen
«No Time to Die» er Daniel Craigs femte og siste film i rolla som britisk agent. Jobben med å finne arvtakaren startar til neste år, skriv Variety.
Produsent Barbara Broccoli har tidlegare sagt at den neste Bond godt kan ha ein annan hudfarge enn kvit. Men det er ikkje aktuelt å gjere han til kvinne, skriv BBC.
Men etter «me too» og debattar om korleis farga personar blir framstilte på film og TV, meiner kritikarar at det er på tide å oppdatere James Bond. Og kanskje også at han blir kvinne.
Det har fått mange fans til å frykte at den neste Bond blir for politisk korrekt, skriv The Guardian.
Les også:
Ein av dei som fryktar for store endringar er journalisten og programleiaren Piers Morgan.
– For meg er agent 007 alt ein mann bør prøve å vere. Han er kjekk, intelligent, modig, tøff, veltalande, vittig, sofistikert, bestemt og omsynslaus når det trengst, skriv han i Daily Mail.
Han skriv at dei politisk korrekte kritikarane kan kome til å fullføre jobben ikoniske Bond-skurkar aldri klarte
– Dei er ein større dødeleg trussel for Bond enn det Oddjob, Goldfinger og Jaws nokosinne var.
Nokre av dei som blir nemnde som neste James Bond:
Idris Elba
Henry Cavill
Luke Evans
Regé-Jean Page
James Norton
Jodie Comer
Tom Hardy
Henry Golding
Riz Ahmed
Suranne Jones
Meiner det er behov for fornying
Neste år er det 60 år sidan den første James Bond-filmen, «Dr. No». Sidan den gongen har produsentane prøvd å tilpasse Ian Flemmings bokunivers til samtida, samtidig som dei tek vare på merkevara.
Lashana Lynch spelar hemmeleg agent i den nye Bond-filmen. Ho er også eitt av namna som blir trekt fram som neste James Bond, men produsent Barbara Broccoli seier det ikkje er aktuelt å gjere Bond til kvinne.
Foto: Nicole Dove / SF Studios/MGMDaniel Craigs Bond har vore ein agent som har vore mindre macho og meir kjenslevar enn forgjengarane. Det har kledd serien godt, meiner filmmeldar i Aftenposten og redaktør i Rushprint, Kjetil Lismoen.
– Det er lenge sidan det britiske imperiet gjekk under. Men i Bond-filmane får ein ikkje inntrykket av det. Men dei siste filmane med Craig har vore eit forsøk på å gjere Bond meir relevant igjen.
Les også:
Han meiner fansen ikkje bør frykte denne oppdaterte utgåva.
– Dersom dei skal lage meir James Bond med den Bond vi kjenner, må dei gjere det som dei delvis gjer i den siste filmen. Omverda har endra seg radikalt, og James Bond har vanskar med å orientere seg i den nye verda. Det er eit interessant grep, og kanskje det einaste rette å gjere, seier han.
Les også: