Hopp til innhold
Anmeldelse

På opptrakka stiar med Ørstavik

Det er både fascinerande og utmattande å dra på tur med romanpersonane til Hanne Ørstavik. Denne gongen er det mest det siste. Eg er rett nok aldri i tvil om at Irmas ytre og indre reise er nødvendig for henne, men for eigen del synst eg at eg har gått denne ruta før.

Hanne Ørstavik

I Hanne Ørstaviks roman «Over fjellet» granskar forfattaren Irma eigne kroppslege og mentale reaksjonar som ein forskar i laboratoriet.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

  • TITTEL: Over fjellet
  • FORFATTAR: Hanne Ørstavik
  • FORLAG: Forlaget Oktober

Handlinga i «Over fjellet» er kort fortalt at ein norsk forfattar reiser til Paris, der ho møter ei rekkje menn som ikkje gjer særleg inntrykk. Deretter dreg ho til Sør-Frankrike for å gå over eit fjell. To andre kvinner tek same turen dagen etter henne, i regn.

Den utforskande metoden

Dette hadde vore nok i massevis, dersom romanen hadde innfridd på andre måtar. Ørstaviks hovudpersonar får stadig større plass til refleksjonar over eksistensielle spørsmål og ikkje minst over eigne reaksjonar på det dei opplever.

Mykje stor litteratur har kome ut av dette; alle Ørstavik-lesarar vil kunne kjenne att den heilt spesielle måten kvinnene borar inn i spørsmåla på: insisterande, sjølvkritisk, utan omsyn til anna enn dette: å finne ut av det og å kome nærmare ei løysing. Kanskje forløysing er eit rettare ord.

På leit etter «virkeligheten»

Hanne Ørstavik, Over fjellet

Felles for Irma og fleire av forgjengarane hennar er nemleg at dei føler eit skilje mellom seg sjølv og livet, ja sjølvaste «virkeligheten». Språket maktar ikkje å fange opp meiningane og sende dei vidare til andre, menneske greier ikkje å møte kvarandre fullt og heilt, det er juv, hinner, slør eller polstringar som skil og gjer at livet kjennest uforløyst.

Både religionen og kunsten har tidlegare vore prøvd som moglege vegar gjennom denne hinna, mens kropp og seksualitet har vore særleg grundig granska i dei seinare romanane. Går vegen vidare gjennom kroppen? Kva skjer når ein ser på sex som «impulsive gleder», og korleis kan ein kunstnar forplikte seg på den einaste eine? Irma granskar eigne kroppslege og mentale reaksjonar som ein forskar i laboratoriet. Det er tidvis engasjerande, ikkje minst på grunn av Irmas engasjement.

Bikkar over i det banale

Med same intensitet søkjer ho også kontakt med det barnet ho ein gong var. Dei to andre kvinnene i romanen er ute på noko av det same. Her buttar det for alvor for denne lesaren. Dei to kvinnene blir aldri interessante, og det indre barnet og alle draumane bikkar over i det banale: Å drøyme om ein nøkkel og tenkje det er nøkkelen til barndommen fører meg verken næmare Irma eller meg sjølv, snarare tvert imot. Intensjonen er klar:

...romanen er et sted der alt dette kan deles. Og det er viktigere enn meg, større enn meg, jeg er den som sier det, men jeg er bare passasjestedet for det store i det, og det er en sånn letthet i at det ikke handler om meg, men om skrivinga, om romanen som et sted å være, en stadig pågående, undersøkende bevegelse.

Over fjellet s. 170-171

Med all respekt for undersøkinga, denne gongen ser eg ikkje «det store i det». Trass i at Irma altså gjer ein heiderleg innsats, er ho lett å gløyme. Kanskje fordi forgjengarane hennar i dette forfattarskapet har gått deler av denne løypa før, og det på ein måte som overstråler Irma?

Likevel, mot slutten finst eit par episodar som kan type på eit gjennombrot som kanskje fører henne nærmare det ho lengtar etter. I så fall kan det love godt for neste kvinne ut.

  • Fleire bokmeldingar frå NRK:
Bokomslag, Tegning av lys jente med tomt ansikt

«Tankespinn» av Kari Stai: Jakob og Neikob-forfatter Kari Stai treffer blink også når hun lager bok for litt større barn. Forbudte følelser er med fremdeles.

"Verda er ein skandale. Ei bok om livet på landet"

«Verda er ein skandale» av Agnes Ravatn: I «Verda er ein skandale. Ei bok om livet på landet» skriver Agnes Ravatn et nytt kapittel i sitt livs eventyr, og treffer en gammel vismann på veien.

Jan Kjærstad Berge
Foto: Aschehoug

«Berge» av Jan Kjærstad: Sjølvsagt er det tydelege parallellar mellom 22. juli- terroren og den 23. august-terroren Kjærstad skildrar i romanen «Berge». Men, som så ofte elles: romanen blir rikare om ein unnlet å spekulere over kor mykje av skildringa som er verkeleg.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.