Hopp til innhold

Heilt klart ei røffare dame enn Ibsens Solveig

Kva gjer ei moderne Solveig når Peer stikk av frå heile greia? Gine Cornelia Pedersen kopierer Ibsen på originalt vis. Resultatet er ein teatral roman med trøkk så vel som rom for ettertanke.

Gine Cornelia Pedersen

Det ligg eit trøkk og ein energi i språket Gine Cornelia Pedersen i «Kjærlighetshistorie eller Utenom og hjem eller Et epos» og.

Foto: Pernille Marie Walvik

Kjærlighetshistorie

«Kjærlighetshistorie eller Utenom og hjem eller Et epos»

Den fulle tittelen på Pedersens nummer to-roman lyder slik: «Kjærlighetshistorie eller Utenom og hjem eller Et epos». Romanen er i to akter.

Den første er prega av lange monologar, dei fleste tasta inn på ein skjerm og sendt via nettet, ettersom Peer har reist til India ein kjapptur for å gå på yogakurs. Problemet er at han ikkje kjem tilbake, mens Solveig er gravid og temmeleg oppgitt over barnefaren.

vil ikke være ei som finner seg i alt

noen regler må det være, syns jeg

vi kan ikke bare kyle på og drite i og håpe at

det ordner seg

sånn som du driver på nå

skal jeg bare holde det? fortsette å elske,

som en slags jesusfigur?

det må finnes konsekvenser

eller?

«Utdrag fra Kjærlighetshistorie»

Heilt klart ei røffare dame enn Ibsens Solveig, men vente gjer ho, åkkesom. Og mens ho ventar, tenkjer ho tilbake på det ho har mista, som i eventyrspråk er sopelimen ho reid fritt, frekt og frimodig på saman med venninna si i tidlegare tider.

Kjærleik eller sopelimeritt?

Etter at Peer, som etterkvart kallar seg Peer Pedro, kom inn i livet hennar er det frie livet sopelimen representerer, kome i skuggen. Krafta har gått inn i kjærleiksforholdet. Og Peer Pedro har det på same måten, han treng som nemnt yogakurs for å kome til seg sjølv. Men så sporar det heile av og den moderne Peer møter både grønkledde kvinner og skruppellause forretningsmenn ute i det store utlandet.

Både Peer Pedro og Solveig arbeider med dei store spørsmåla som har gjort mange ibsenfigurar udødelege: Skal ein satse alt på det største, nemleg kjærleiken, eller må kjærleiken ofrast/setjast på vent/gå på sparebluss mens ein arbeider på det store verket sitt, anten det no er på bli keisar eller jernbanebyggar, om det handlar om å skape den fullkomne skulpturen eller bli avsindig rik, eller om det store er å vere sin eigen og ri sopelimen sin dit ein vil.

Ikkje nok å vente vinter og vår

Der Ibsens Solveig var godt nøgd med å leve heile livet på minnet om kjærleiken til ein svært fråverande Peer, har Pedersens Solveig eit sjølvrealiseringsprosjekt der ho ønskjer å kombinere den store kjærleiken, barnet og sopelimen. Eg skal ikkje røpe korleis det går.

Når ein skriv romanen sin oppå ein av verdas mest berømte tekstar, skjer det noko. Lesaren samanliknar. Spørsmålet er ikkje om Pedersen er ein ny Ibsen, men om den nye historia får farge og klang av den gamle. Det synst eg ho får. Somme lesarar vil feste seg ved kor mykje som har endra seg, andre vil sjå kor mykje som er likt etter alle desse vinterane og vårane, men alle må tenkje på det.

Ein teatral roman

Og apropos vintererar og vårar: Pedersen flettar elegant inn referansar til scener frå Peer Gynt i sin eigen tekst, som er sett opp med ujamn høgremarg så den også grafisk speglar Ibsens drama. Dette er heilt klart ein roman som med enkle grep kan flyttast til scenen, eller kanskje vel så gjerne til radioteatret.

Når eg no har klistra Pedersens roman tett saman med Ibsens verk, er det på sin plass å understreke det sjølvstendige ved «Kjærlighetshistorie» sånn på tampen: Dei to personane har sine eigne, moderne biografiar: Solveig er innflyttar frå bygda, snakkar dialekt, jobbar i avis og likar litt for godt å ruse seg. Peer Pedro er bygut, har litt for mange foreldre og slit med det. Ikkje minst Solveig er ein utbygd og interessant karakter, og heilt klart den av dei to som har fjerna seg mest frå fader Ibsens versjon, naturleg nok.

Og som sopelimen hintar om: også andre referansar dukkar opp i teksten: eventyr, filosofiske førestillingar og andre litterære tekstar får klinge med og opne historia i ulike retningar.

Ei original kopiering

Romanen Kjærlighetshistorie er original trass i - eller kanskje på grunn av - den aktive bruken av ein gammal tekst. Det ligg eit trøkk og ein energi i språket her, som var der også i den første romanen til Pedersen. Men denne nye romanen spelar på fleire strenger og er eit vesentleg mognare verk. Sånn skal det vere.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)