Hopp til innhold

Angsten for bortfall av hierarki

Det blei månelyst på jorda då astronomane oppdaga kor tilfeldig plasseringa vår i universet var. Ei kjent sak, men Atle Næss let oss føle den 500 år gamle uroa.

Atle Næss

– Som den dyktige og drevne forfattaren av historiske romanar han er, tek Atle Næss oss inn i både levesett og tenkemåtar som er annleis enn våre, skriv Marta Norheim.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Som den dyktige og drevne forfattaren av historiske romanar han er, tek Atle Næss oss inn i både levesett og tenkemåtar som er annleis enn våre. Likevel står dei på underleg vis nær oss, ettersom 15-1600-talet var tida då vårt der vårt moderne verdsbilde så og seie vart skapt av menn som sette livet på spel, anten det no var for kjetterske tankar om sola og jorda, eller det var for å oppdage den såkalla «nye verda» slik Næss har skildra det i romanen «Din nestes eiendom» frå 2009, ein roman som har fleire overlappingar med «I himmelens tjeneste».

Tycho og teologien

I den sistnemnte romanen følgjer vi hovudpersonen Hans gjennom 30 år, frå tidleg ungdom på 1570-talet. Eller: er det heller den danske astronomen Tycho Brahe som spelar hovudrolla? Det er jo han som er med å rokke verdsbildet, Hans er berre ein av dei mange assistentane til meister Tyge. Eg skjer like godt gjennom og kårar sjølve historia til hovudperson i denne, som i fleire tidlegare romanar av Næss.

Ikkje slik å forstå at personane er viljelause marionettar som blir styrt av blinde krefter, men heller slik at det finst ordningar og lover og førestillingar som ein kan følgje eller bryte her i livet og begge delar har konsekvensar.

I himmelens tjeneste

Hans og finansane

Når vi lesarar får halde oss tett inntil Hans, som eg snart skal presentere grundigare, får vi innblikk både høgt og lågt i det dansk-norske så vel som i Europa, med kongar og keisarar og katolikkar og protestantar og reformerte og ein gryande vitskap som vart vakta vel av mektige menn som både var redde for at folks frelse skulle setjast over styr, men ikkje minst var dei redde at eiga makt skulle minke.

Men altså Hans. Når faren, Niels prest blir knivstukken i barnsøl, står Hans i fare for å sige ned i folkedjupet og bli bonde. Den store interessa for stjernehimmelen bergar han, ein utsending frå biskopen oppdagar talentet og sender han på skule. Deretter hamnar han hjå sjølvaste Tycho Brahe før han etter mange viderverdige krumspring er tilbake på norsk jord.

Som presteson utan ein far og trygge finansar i ryggen, hamnar Hans både høgt og lågt i samfunnet, ei tid er han tett på makta, ein annan gong må han kle seg som bonde for å sleppe unna. Den raude tråden er nok at han kjenner seg på utsida av alle miljø, og han utviklar ei evne til å overleve som ikkje alltid tek omsyn til nestens ve og vel. Hans er ein mann som svik når det trengst. Ein høgst gjenkjenneleg type som byggjer bru mellom då og no.

Livsløp og livskjensle

Vel så interessant som livsløpet til Hans er likevel den livskjensla forfattaren greier å skrive fram. Det er så vi kjenner gufset frå det iskalde universet når astronomane ikkje slår seg til ro med den teologisk aksepterte førestillinga om kosmos. Vi føler på angsten for at ikkje berre dei himmelske, men også dei jordiske hierarkia skal bli rokka. Historia får liv gjennom alle historiene og vi kan kjenne på det ukjente.

Om eg skulle kome med ei kritisk innvending, måtte det vere at deler av kunnskapsstoffet er fletta inn på. Litt for ofte får vi høyre at «Hans visste selvsagt at», eller «Hans skjønte at», og så får vi vite kva Hans veit og forstår. Det kan verke i overkant belærande. Vesentleg betre er det når kunnskapen er del av historia eller når vi får dra slutningar på eiga hand, som her:

Den skarpe lukten av gjødsel lå som en tåke over Krokstadbygda, før plogen ble slept over åkrene for å pløye den ned og gjøre jorda klar til utsæden. Så gikk mennene med blottet hode og strødde det dyrebare såkornet ut med jevne og omhyggelige kast.

I himmelens tjeneste

Sidan Hans ikkje forstår kvifor bonden tek av lua når han skal så, får lesaren lov til å fundere over saka. Det kler historia.

Oppfølgjar?

Når det er nemnt, hoppar eg tilbake til hovudsporet og konkluderer med at Atle Næss har skrive nok ein svært klok og medrivande roman som fortener den lengda den har fått, og som i staden for å bruke slutten til å oppsummere og feste trådar, vartar opp med temmeleg kilne gjerningar på dei aller siste sidene. Her ligg det an til ein oppfølgjar.

Kulturstrøm

  • Samisk Netflix-film på topp ti i 71 land

    Loga sámegillii.

    Den samiske Netflix-filmen «Stjålet» er allerede etter få dager blitt tidenes samiske kommersielle filmsuksess.

    Filmen er på topp ti-lista over mest sette filmer i 71 land, blant annet i USA, Canada, Storbritannia, Norge og Sverige.

    Det opplyser regissør Elle Marja Eira på sin Facebook-side.

    Handlingen i thrillerfilmen er i et reindriftsmiljø i Nord-Sverige. Filmen ble sluppet internasjonalt på fredag.

    Filmen er laget etter Ann-Helén Laestadius sin kritikerroste roman «Stjålet».

    Spent gjeng på tur til førvisning av Netflix-filmen "Stjålet" i Kiruna, april 2024
    Foto: Wenche Marie Hætta / NRK
  • «Ringenes Herre» blir 15 timar lang opera

    Fantasyklassikaren «Ringenes Herre» av J.R.R. Tolkien blir opera for første gong. Det melder Sveriges Radio.

    Det er den britiske komponisten Paul Corfield Godfrey som skriv musikken. Innspelinga av musikken har allereie starta av nasjonaloperaen i Wales, og skal sleppast i 2025.

    Operaen blir delt inn i fleire framsyningar, på til saman 15 timar og 30 kapittel.

  • Kadetten avlyser også 2024-festivalen

    Festivalen Kadetten i Sandvika, som kaller seg Norges største hiphopfestival, avlyser årets utgave.

    «Det er med tungt hjerte at vi må meddele at Kadetten 2024 er avlyst», står det på festivalens Instagram-side , og gjengitt av YLTV.

    «Det er utrolig leit, vi var overbevist da vi relanserte festivalen i år at situasjonen og markedet hadde snudd – sånn ble det ikke. Kombinasjonen av vesentlig høyere priser på alt av artister i sjangeren, usikre og innstilte turnéplaner, høyere kostnader og mindre kjøpekraft blant vårt publikum gjør at vi ikke ser det mulig å gjennomføre festivalen i år», står det om årsaken til avlysningen.

    Ifølge Instagram-posten vil kjøpte billetter refunderes automatisk.

    Kadettenfestivalen ble avlyst også i 2023.

    Cezinando på Kadetten 2022
    Foto: Eskil Olaf Vestre / NRK P3