Det kjem ikkje så uhorveleg mange diktbøker for barn her i landet.
Men nokre er det.
Mange av dei tek opp tradisjonen etter André Bjerke og byr på
. For er det noko små barn likar, så er det leik med språket, med rytme og gjentakingar.Andre forfattarar går ein annan veg, som Åse Ombustvedt eller Ruth Lillegraven.
Dei lar enkeltdikta gli over i kvarandre i ei overordna historie. Og historia har gjerne eit filosofisk eller etisk tilsnitt.
Hos Lillegraven skal nokon døy, medan andre lever vidare.
Det er mormor som skal ut av livet og veslebror som er på veg inn i det. Det blir både trist og ikkje trist på ei og same gong.
Gamal og ny
Tanken på døden kjem att i ulike variantar gjennom heile boka.
På pianoet har mormor russiske dokker, slike som kan settast inn i kvarandre.
Fyrst mot slutten av boka, når mormor fortel om då ho jobba på båt over Atlanterhavet, køyrde motorsykkel gjennom Europa eller stupte frå timeteren, får barnebarnet auge på den vesle jenta og den unge kvinna inni den gamle.
Men det er ikkje berre døden og det som har vore, boka krinsar ikring. Livet er så visst til stades, gjennom alt det spanande veslebror skal oppdage.
Livet byr òg på utfordringar.
Eg-forteljaren, ei jente eller gut i åtte-niårsalderen, kan ikkje symje.
Det kan alle dei andre i klassa. Då hjelper det med ei mormor som har vore konkurransesymjar og noregsmeister!
Bileta forsterkar teksta
Med denne boka følger Lillegraven opp den vakre «Eg er eg er eg er».
Også den boka laga ho saman med illustratøren Mari Kanstad Johnsen. Dei fargemetta, tydelege illustrasjonane hennar underbyggjer dikta, men gjev også rom for lesarane sine eigne assosiasjonar.
Det er ikkje mange illustrasjonar, det kunne godt vore fleire.
Eg likar særskilt godt framsidebiletet, som også er brukt langt bak i boka, når eg-forteljaren endeleg har lært seg å symje og dykkar ned i ei villvakker verd med maneter og sjøgras.
Fast i forma
Om ikkje Lillegraven nyttar fast rim og rytme, leikar ho seg med orda.
Ho er konkret og presis i skildringane sine, men det ligg ofte ei djupare meining under.
Når ho skal understreke noko, eller liksom halde fast ei kjensle, tyr ho til repetisjonar, for liksom å hamre bodskapen inn. Slik var det i «eg er eg er eg er», slik er det også her.
Perspektivet er retta innover. Det er eg som er i sentrum, ikkje du.
Men vi som les, får stor innsikt i kjenslene til eg-forteljaren, og ganske sikkert vil vi kjenne oss sjølv at.
Å opne seg for verda
Boka opnar opp for tankar kring nokre av dei største mysteria i livet:
Kor blir tida av? Og kvifor må vi døy?
Ho tematiserer også, på ein måte som ikkje blir pedagogisk eller terapeutisk, kva meistring har å seie for sjølvkjensla.
Sist, men ikkje minst, leiter ho etter kva kjærleik og venskap er. Kanskje har mormor eit vettig svar?
Venleg livsfilosofi
Ruth Lillegraven har ikkje svara på alle spørsmåla som unge lesarar kan stille seg.
Men ho har spørsmåla.
Nettopp difor skal barn og unge lese dikt; ikkje for å få ein fasit, men for å bli lokka ut på djupt vatn og lære seg å symje sjølv.
Hei!
Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Andre gode barnebøker eg har lese i det siste, er «Jakob og Neikob og tidsmaskinen» av Kari Stai eller «Arvingen» av Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug. Tips til enda fleire gode barnebøker finn du her. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken.