Marta Norheim
Storebror i bokklubbransjen, Bokklubben nye Bøker, er blitt meir kommersiell og mindre utfordrande dei siste åra, det er no opplese og vedteke. Spørsmålet er om Boklubben no har blitt så marknadssmart at han til og med er i ferd med å lure seg sjøl.
Tre tendensar
Det har skjedd eindel ting dei seinare åra, eg skal dra fram tre tendensar:
I tiåret frå 1980 til -89 var det 95 ulike forfattarar som leverte hovudbøker til denne bokklubben. Tiåret etter kom det berre 57 nye namn på lista, og det trass i at talet på hovudbøker auka frå 12 til 16 i året midt på 90-talet. Det har altså i aukande grad blitt ein bokklubb for gjengangarar.
Tendens nummer to er at talet på krimbøker har auka. Sjøl om krim har vore med heilt frå starten, er det først dei seinare åra at krim har blitt ein dominerande sjanger.
Tendens nummer tre: Talet på nynorske hovudbøker er halvert. På 80-talet hadde denne bokklubben seks nynorske hovudbøker, mot tre på nittitalet. Kjartan Fløgstad står for dei fleste, og det er verd å merke seg at den nyaste romanen hans, "Kron og Mynt" frå 1998 ikkje kom inn, sjøl om Fløgstad har skrive både vesentleg dårlegare og vesentleg meir kompliserte romanar tidlegare som har funne nåde hjå Bokklubben. Her gjeld altså ikkje gjengangarregelen.
Kan vere ein glipp
Ein fjerde tendens er enno så ny at det er for tidleg å seie om det er ein tendens eller om det rett og slett handlar om arbeidsulukker: Bøker av typen Helen Fielding to, "Bridget Jones: På randen", og "Sammen" som kom i fjor, kan eg ikkje sjå som anna enn rein spekulasjon i det kjøpekraftige Ally Mc Beal segmentet.
Men saman med talande titlar som "Hanndyr" og "Bitch" vitnar 2000 årgangen om eit nokså hemnigslaust frieri til unge kvinner med etbaleringsnevroser.
Meir enn bare kommers
Bokklubben nye bøker skal tene pengar på butikken sin, sjølsagt skal dei det. Og den kommersielle tankegangen er å gje folk det folk vil ha. Det veldige fokuset på det flest vil ha er velkjent frå alle media, dette er ikkje noko Bokklubben har funne på heilt av seg sjøl.
Men det verkar som om Bokklubben har gått bort frå ambisjonen om å vere med på å utfordre og utvide litteratursmaken til medlemmene sine, og dette luktar det stagnasjon av. Gjengangarmetoden kan virke ei stund, skreddarsyinga mot visse målgrupper likeeins, men i lengda vil mangelen på fornying slå tilbake på Bokklubben sjøl. Det er allereie i ferd med å skje.
Røske opp
Spørsmålet no er om Bokklubben nye Bøker vel den feige løysinga og gir meir av det same som medisin, eller om dei vågar å snu tendensen og røske opp både i seg sjøl og lesarane.
Av Marta Nordheim
Kulturnytt, NRK P2, 19.januar 2001
Bearbeidd for nett av Kristin Vold