Boka hans skal liggje gøymd i 94 år

Den prislønte forfattaren Ocean Vuong skal skrive ei bok ingen av oss får lese. Den er ein del av Oslos Framtidsbibliotek, og blir ikkje tatt fram før år 2114.

Forfattar Ocean Vuong

NESTE FORFATTAR UT: Ocean Vuong er den sjuande forfattaren som skal skrive for «Future Library».

Foto: Peter Bienkowski

– Det er spennande å tenke på at det er nokon som ventar på oss fleire generasjonar fram i tid.

Det seier den vietnamesisk-amerikanske forfattaren Ocean Vuong.

Med diktsamlinga «Natthimmel med kulehòl» og romanen «På jorda er vi glimtvis vakre» er 31-åringen blitt ein verdskjend og prislønt forfattar.

No skal han altså skrive eit manus som ikkje får sett dagens ljos før om nøyaktig 94 år.

«Future Library»

For han er nemleg utnemnt til å vere den neste forfattaren som skal bidra i «Future Library», eller Framtidsbiblioteket om du vil.

Det er eit omfattande kunstprosjekt som bind natur og litteratur saman. Det er skapt av den skotske kunstnaren Katie Paterson på bestilling av Bjørvika Utvikling.

tre framtidsbiblioteket

TRE TIL PAPIR: I Nordmarka har ein planta 1000 tre som skal bli brukt til Framtidsbiblioteket.

Foto: Rio Gandara / HS / Rio Gandara / HS

Prosjektet består av ein skog med 1000 tre som vart planta i Nordmarka for sju år sidan.

Kvart år blir ein ny forfattar invitert til å levere eit ulese og upublisert verk, som skal oppbevarast i eit rom i det nye bibliotek Deichman Bjørvika.

Ingen andre enn forfattarane sjølve veit kva desse tekstane handlar om – før i år 2114.

– Ingen av oss vil overleve det

For då skal desse ulesne bøkene trykkast på papir som blir laga av trea i Nordmarka, og med det bli tilgjengeleg for folket.

Lesarane er mest truleg ikkje født ennå, og vi som er her nå er mest truleg borte.

– Det får oss til å reflektere over vår eiga dødelegheit og vår plass i ei større samanheng. Vi som lever nå kan ikkje overleve det, seier Anne Beate Hovind.

anne beate hovind

AKTUELL TEMATIKK: – Prosjektet blir nå kopla til heile klimasituasjonen, og at det er eit verk som ber oss om å stoppe opp i tida. Og at vi faktisk skal sjå kor meiningsfullt det er, seier Anne Beate Hovind.

Foto: Vibeke Hermanrud / Bjørvika utvikling AS

Ho er prosjektleiar for kunst i Bjørvika Utvikling, og oppdragsgjevar for dette verket. I tillegg er ho styreleiar for Framtidsbibliotekstiftelen.

– Det er eit 100 år langt kunstprosjekt som utspelar seg i Oslo, men som har nådd ekstremt ut i verda.

– Ei ære

Store, anerkjente forfattarar har til no gitt sine bidrag. På lista har vi Margaret Atwood, David Mitchell, Sjòn, Elif Shafak og Han Kang, og ikkje minst vår eigen Karl Ove Knausgård som har skrive tekstar til framtidsbiblioteket.

Margaret Atwood og Katie Paterson

MARGARET ATWOOD: Den fyrste forfattaren som gav sitt manus til framtidsbiblioteket var forfattaren Margaret Atwood (t.v), kvinna bak boka «The Handmaid's Tale «som også er blitt ein kjent TV-serie.

Foto: Slow Space

Ocean Vuong blir den sjuande forfattaren.

– Det er ei stor glede og ære å vere ein del av Framtidsbibliotektet. Det er sjeldan at eit prosjekt går så djupt inn i framtida. Det er eit veldig optimistisk prosjekt, seier Ocean Vuong.

Han synest det er svært spennande å tenke på om folk om 100 år i det heile tatt vil forstå noko av dagens samfunn og måten vi lever på.

– Kanskje dei vil sjå på dette som vi ser på runer. Eller kanskje dei trur det er heilage skrifter, seier han og ler.

Også Katie Paterson synest det er spennande at Ocean Vuong blir den sjuande forfattaren.

– Ocean Vuong skriv med en utstråling som ikkje kan samanliknast med nokon annan forfatter eg kjenner til. Ved å forvandle ein «orkan av følelser» til reine, slåande vakre bilete beviser han at språk kan nå djupare enn sjølv ei menneskeleg berøring.

– I eit år med global liding utan sidestykke er vi heldige som får ønskje ein merkverdig forfatter velkommen til Framtidsbiblioteket, ei leiande stemme for unge LHBT+-innvandrarar.

Håp og tillit

Historieforteljing ligg svært nært hjartet hans. Han er født i Vietnam, men berre to år gammal flykta han og familien til USA.

Der vaks han opp med mor og bestemora si, som fortalde historier frå krigen. Han meiner historier er avgjerande for menneskeverda.

– Alle teknologiske og sosiale framskritt vi har hatt har kome gjennom historieforteljing. Briljante forteljarar har laga historier som har ført til gjenvekst.

framtidsbiblioteket han kang

RITUAL: Den Sør-koreanske forfattaren Han Kang overleverer sitt manus til Framtidsbiblioteket. Ocean Vuoung kjem til Oslo til våren for å overlevere sitt.

Foto: Kristin von Hirsch / Bjørvika Utvikling

Anne Beate Hovind stadfester dette.

– Framtidsbiblioteket handlar om håp. Tillit. Om ritual. Og grunnleggjande menneskelege behov. Bøkene er såleis ein gåve til framtida.

Vuong ser på Framtidsbiblioteket som ein vakker og audmjuk ting fordi det minner oss på at viss arten vår skal vidare, så må vi døy fyrst.

– Dauden er ikkje det siste, endelege steget. Det er steget til framtida.

Kulturstrøm

  • Vedtar kvensk versjon av norske ord

    Språktinget skal vedta kvensk versjon av mange norske ord som er kommet til i nyere tid. Leder av Kvensk språkting, Egil Sundelin sier det er viktig å ha en dialog mellom eldre kvenske språkbrukere og fagfolk som skal lage kvenske ord.

  • Regjeringskritisk journalist drepen

    Ein journalist som var sterkt kritisk til styresmaktene i Honduras, har blitt skoten og drepen. 87 journalistar har blitt drepne i landet dei siste 20 åra. Luis Almendares blei skoten av to menn på ein motorsykkel på veg til ein butikk i Comayagua.