Hopp til innhold

Ein vinnar og mange populære lyn-noveller

– Det var den eg fekk best tilbakemelding på! Magne Velle tenkjer på dei andre Twitter-poetane som kollegaer. No stakk han av med sigeren i tevlinga om beste #nynov-kortnovelle med ei kort forteljing om haust og kjærleik.

Magne Velle

TWITTERPOET: Magne Velle har laga musikk og songtekstar på guterommet i årevis, og har gitt ut plate. No har han vunne #nynov-tevling på Twitter, igjen.

Foto: Iris Straume

Laster Twitter-innhold

Opplesing av vinnar-novella og dei fire andre finalistane!

@mvelle hadde to bidrag i finalen til #nynov-tevlinga. Han er også mannen som stakk av med sigeren i den første #nynov-tevlinga i 2013, så dette er ingen kven som helst Twitterpoet.

– Eg er med på #nynov kvar måned, fortel Velle.

– Det er ikkje alltid fantasien er like god. Eg vil gjerne kome på noko lurt, men når eg prøver å setje meg ned og skrive, då kjem det som oftast ikkje noko. Når jeg er oppteken med andre ting derimot, då kjem det lettare! Den med dropen, den kom av seg sjølv fordi eg nett hadde lese om ny #nynov med ordet ingen, og så regna det ute.

Laster Twitter-innhold

– Nynorsk handlar om identitet

Velle arbeider til dagleg i kommunikasjonsavdelinga på Meteorologisk institutt, og der hender det at han skriv på bokmål. Han bur på Austlandet, men er frå Naustdal i Sunnfjord, som er nynorskland.

– Å skrive på nynorsk handlar om identitet, om å vere tru mot den eg er, poengterer Velle.

– Eg identifiserer meg med nynorsken, på same måte som eg identifiserer meg med dialekta, heimstaden min og bakgrunnen min. Det handlar om kvar eg kjem frå, og så har jo nynorsk ei kulturell side også.

Du skriv mykje på Twitter og er blant dei kjente Twitter-poetane. Blir det bok på deg?

– Eg har tenkt tanken, men det er vel ikkje nok å tenkje. Då eg hadde oppretta Twitter-kontoen, visste eg ikkje heilt kva eg skulle gjere der. Så oppdaga eg at mange skreiv dikt, og det inspirerte meg. Det er det eg har brukt Twitter til. Mange andre gjer det same, og det kjennes ut som et Twitter-kollegium, noko eg set stor pris på.

Har du ein favoritt-Twitterpoet?

– Den som inspirerte meg til å setje i gang var Helge Torvund . Elles er det mange som skriv bra.

Dei andre finalistane:

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Premien er ein håndlaga bok om #nynov, ei scrapbook om du vil, laga av designarane Arne Nerjordet og Carlos Zachrison i Valdres.

Scrapbook til nynov-vinnar

WORK IN PROGRESS: Den trendskapande duoen Arne & Carlos er i ferd med å legge siste hand på premien til novelle-vinnaren: Ei #nynov-bok.

Foto: Arne Nerjordet

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober