Hopp til innhold
Anmeldelse

Vincent van Goghs livskunst

Vincent van Goghs brev kjem for første gang på norsk. Ei bok som utvidar, opnar og ladar van Goghs kunstverk på nye måtar. Minst like mykje som biletkunst, handlar breva om ordkunst og om å lære seg kunsten å leva.

Vincent Van Gogh (selvportrett) fra 1887
Foto: Wikimedia

Man må lære å lese, akkurat som man må lære å se og lære å leve.

Vincent van Gogh


Orda er Vincent van Goghs i Eve-Marie Lunds omsetjing. For ein gongs skuld kan det vera på sin plass i ei bokmelding å nemna omsetjaren først. Lund fekk Bastianprisen i år for ei anna omsetjing. Også med desse utvalde 265 van Gogh-breva frå nederlandsk, fransk og engelsk, har ho utført ein bragd.

Det samme kan ein seia om forlaget som i ei tid då papirboksalet skal vera dalande, sørgjer for at denne i all forstand vektige biten verdslitteratur er tilgjengeleg på norsk. Breva handler om kunst, om litteratur og religion, men minst like mykje er dei tekstar som speglar refleksjonane til ein som vil læra seg å leva.

Prestesonen som blei klasseblind

Vincent van Goghs kunst og deler av livet hans er godt kjende for mange. Han var presteson, fødd i Nederland i 1853 og kristen tru spela tidleg ei sterk rolle i livet hans, noko også mange av breva ber preg av. Etter nokre års arbeid hos velrenommerte kunsthandlar i heimlandet, London og Paris, skaffa han seg mykje kunnskap om kunst. Likevel fekk han sparken fordi levemåten hans ikkje lenger passa i finare krinsar.

Det var broren Theo som foreslo at Vincent skal prøva seg som kunstnar, og dette gjekk han inn for med like stor intensitet som han hadde gjort med religionen tidlegare. Samtidig som han misjonerte blant arbeidarar, begynte han å lesa romanar som utvikla ein sterk sosial rettferdssans i han. Det kan sjå ut som solidariteten hans med fattige blei styrkt av at han sjølv blei økonomisk avhengig.

Broren Theo som også gjekk inn i kunsthandel, sende pengar til lerret, fargar og andre livsbehov som eldstebroren hadde. Dette har vore kjent, saman med åra i galskap og sjølvmordet i 1890. Men at van Goghs brev til broren handla om så mykje meir enn pengebehov, var overraskande.

Turbulent tid


Van Gogh skriv om familieforholda, om søskenrelasjonen, om litteratur han les, men også om kunst som opptek han. I 1880-åra sette realistar, impresjonistar og primitivistar kunstverda i rørsle, og van Gogh skriv om meiningsdannelse og kommenterer debattar og andres arbeid. Dette er ein sentral periode i kunsthistoria. Van Gogh lever med, men er også oppslukt av tidlegare periodars kunst.

Vil ikkje bortimot 1000 boksider med brev som ein kunstnar skriv til familie og kolleger, likevel vera for dei spesielt kunstinteresserte? For ikkje å seia dei i overkant van Gogh-interesserte?

Anmelder Arnhild Skre

Det kan hevdast og det er ikkje vanskeleg å finna støtte for eit slikt syn på boka. Her dryssar det navn som kan krevja flittige søk på kunstnettsider eller i oppslagsverk. Her er mange omgrep som dei fleste treng å få definert. Likevel vil eg påstå at dette er ei bok som også andre enn kunstinteresserte kan få glede ut av, fordi boka fortel ei utviklings-, modnings- og danningshistorie.

Van Gogh var ein ung mann, berre nitten då han skreiv dei første breva til den yngre broren Theo. Han leita etter eit yrke som kunne gjera han til ein vellukka mann, ein son foreldra og resten av familien kunne vera stolte av. Han forsøkte. Det gjekk berre ikkje bra. Han mangla ikkje arbeidslyst eller engasjement. Den unge Vincent var truleg for voldsom, for uryddig, hadde for store problem med å tilpassa seg eit pent borgarleg liv.

Breid danning

Mot mangla han likevel ikkje. Han gjekk inn på kunstnarvegen utan eingong å kunna teikna. Om kunst kunne han mykje, men 27 år gammal måtte han begynna å læra kunstnarens handverkssider frå grunnen. Samtidig henta han inspirasjon og tankar om livet og kunsten frå eit vell av kjelder. Det er som han lever meir i kunsten og litteraturen enn i det konkrete livet han har rundt seg. Om denne utviklinga fortel han i breva til broren, resten av familien og til kolleger.

Breva kan lesast som den relasjons-, familie- og utviklingsforteljinga dei er. Men rett som det er får eg lyst til å gå ut av breva og inn på dei mange litterære og visuelle tankevegane som van Gogh skildrar. Den som vil, kan følgja med på danningsreisa. Sørgja for å ha god nettkontakt eller ein haug andre bøker liggende innenfor rekkevidde fra godstolen. Bibelen, sjølvsagt, Shakespeares samla skodespel, Dickens romanar, Beecher Stowes Onkel Toms hytte, Emile Zola, George Eliots romanar, Goethes dikt, Aiskylos greske tragedier. Når livet blir tungt, lettar han humøret med å lesa Guy de Montpassat.

Det er også bortimot nødvendig å ha tilgjengeleg kunstbøker eller nettsider når ein skal lesa denne boka, til dømes om japansk kunst, og bøker med bilde av Jean-Francois Millet, av Delacroix, Rembrandt, Giotto og Gauguin. Dette var kunst van Gogh samla rundt seg og litteratur som van Gogh las, trudde på og stadig kom tilbake til.

Fordi han opplevde litteraturen og kunsten som sann, som kjelder til livskunnskap og rettleiing, realisme, trøyst. Kanskje framfor alle Millet, som han fann tidleg og på slutten kretsa rundt. Det siste månadene roa han det ville hovudet sitt med å måla fargeversjonar av milde Millet-teikningar og -trykk.

Eit utval

I følgje van Gogh-museet sine nettsider finst det over ni hundre brev. Den kommenterte utgåva med alle dei 902 breva inkludert fargeillustrasjonar, fyller seks store kunstbøker.

I denne norske er 265 av breva med. Kan ein då følgja danningssoga og kunstutviklinga? Heilt lett er det ikkje å vurdera det. Men redaktørane for den komplette utgåva som er kommen på seks språk, er dei samme som har ansvaret for brevprosjektet ved van Gogh-museet og har også gjort det utvalet som nå kjem på norsk. Det er med andre ord grunn til å tru at dette er godt nok. For den som meistrar engelsk og vil ha alt, er den komplette samlinga tilgjengeleg, berre eit tastetrykk unna på vangoghletters.org

Dessutan er også alle slags brevinnhald eit utval, dei er ikkje alle tankar brevskrivaren har. Og det som står på linjene er kanskje heller ikkje akkurat det van Gogh tenkte eller meinte, sjølv om breva, særleg til Theo, etterkvart verkar aldri så ærlege. Han skriv til folk som forsørgjer han, og treng å rettferdiggjera at han får tilsendt alt han treng. Han skriv til kolleger og gjer seg kjekk. Derfor er det ikkje sikkert han arbeider riktig så hardt som han skriv.

På slutten gjev breva også innsikt i den sjuke tankestraumen og i ein slitesterk optimisme, eller er det trøystandre ord for andre han skriv?

Ei tragisk bok?

Van Gogh enda livet for eiga hand den 29. juli 1890. Han skaut seg med ein pistol medan han to dagar tidlegare var dregen ut på markene for å måla. Dei siste av breva i boka blei postlagde få dagar før. I eitt av dei skriv han:

Jeg for min del er helt oppslukt av den endeløse flaten av kornåkre mot åsene, store som et hav, delikat gult, delikat blekgrønt, delikat purpurrødt på et pløyd og lukt jordstykke, jevnt flekket med de grønne, blomstrende potetplantene, alt under en himmel av delikate blå, hvite, rosa, fiolette toner.

Vincent van Gogh

Eg ser for meg bildet og tenkjer at dette må ha vore det siste han måla. Er så «Å skrive livet» ei tragisk bok? Ja og nei. Ja, fordi det på og mellom linjene fortel om eit ungt menneske som slit for å finna noko å leva av, som strevar med avhengigheita av familien, som slit med å vera respektert for dei vala han tek. Så mange av dei som lever rundt han, orkar ikkje å ha han der i lengda. Også for van Gogh sjølv ser det av og til ut til å ha vore eit slit å læra seg å leva med seg sjølv. Sjukdomsperiodane dei siste åra la endå ei bør på han. Til slutt makta han det kanskje ikkje?

Dette er den tragiske sida ved boka, men ho har også lyse sider og utan at eg har rekna dei, sit det att eit inntrykk av at dei er flest. Fordi så mange av desse breva fortel om eit liv rikt på utforsking, oppleving, refleksjon, varme kjensler, sanselege gleder og vakre, livgjevande visuelle inntrykk.

Nytt syn på kunst

Å skrive livet er vakker, både fordi ho er utstyrt med van Gogh-måleri i fargar og brevskisser der dei var lagt inn. Også fordi Aud Gloppen har gjeve boka ei utsøkt form. Dessutan finst her eit register som gjer det lett å lesa "på tvers" om ein vil følgja utviklinga i enkelte tema.

Har så denne brevsamlinga fått meg til å sjå van Goghs kunst på andre måtar? Ja, utan tvil. Måleria hans av potetetarar og andre vanlege folk får lading av dei mange stadene der han skriv om arbeidsfolks liv. Der han opprørsk hevda at han var blitt klasseblind, bevega seg utanfor den øvre middelklassen han var oppvaksen i og blanda seg med folk flest. Til og med med folk i dei lågaste av dei låge samfunnslaga.

Han ser skjønnheit i arbeidskroppen deira når dei vaskar, sår eller slår gras. Millets varme for jordarbeidarar og fattigfolk er den han kjem tilbake til igjen og igjen. Kanskje blir heller ikkje Millets kunst heilt den samme etter at ein har lese van Goghs refleksjonar rundt Millet.

Også på van Goghs kveiteåkrar ser eg med eit nytt blikk etter å ha lese breva frå dei siste åra då han beskriv åkrane som den einaste utsikta si gjennom gitteret for asylvindauget, og han av og til fekk lov til å måla desse rolege landskapa i lyse fargar med voldsomt intense strøk.

Vincent van Gogh enda livet sitt tragisk, men eg seier dette likevel: Dei utvalde breva hans er ei bok å gå i hi med i mørke haust- og vinterkveldar.

Les: Har jobbet i tre år for å få van Gogh til Norge

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.